Utløpt

Er du vår nye bustad og kvarterforvaltar på Ørland?

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Bustad og kvarterforvaltar
Frist
15.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg

I Forsvarsbygg er det no ei ledig stilling som bustad og kvarterforvaltar. Stillinga rapporterer til leiar bustad og kvarter.

Stillinga inneber å vere Forsvarsbygg sitt ansikt utad ovanfor gjestar og leigetakarar som bor i ein bustad eller kvarter (hybel). Som bustad og kvarterforvaltar er du ansvarleg for å bygge gode relasjonar til våre gjestar og yte god service. Du er ansvarleg for å handtere og følge opp alle førespurnader frå leigetakarar og gjestar. Du er ansvarleg for utleige av kvarter til gjestar som skal på kurs, øvingar eller liknande, samt ansvarleg for inngåing av leigekontraktar og oppfølging av leigetakar i heile buperioda. Du skal også sørge for ettersyn av bustad- og kvarter slik at kvaliteten blir opprettheldt.

Arbeidsstad vil vere Ørland, Trøndelag. Det må påreknast noko reiseverksemd og arbeid ved andre lokasjonar i regionen.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentleglova – jamfør særleg offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no. 

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere og drifte resepsjonstenesten til bustad og kvarter, samt klargjere rom
  • Saksbehandle/utføre administrative oppgåver ifm utleige og forvaltning av bustader og kvarter
  • Ansvarleg for bistand og oppfølging av leigetakar ved inn-/utflytting og i buperioden
  • Foreta synfaringar og føre ettersyn med bustad- og kvarterporteføljen
  • Utføre oppgåver mht. økonomioppfølging
  • Ansvarleg for korrekt bruk av ulike IKT-system
  • Bidra i vidareutvikling av ein landsdekkande lik bustad- og kvartertjeneste
  • Kontaktperson mot Forsvaret, borettslag, sameigar, offentlege etatar, Forsvarsbygg sitt servicesenter og internt i markedsområdet osv. ifm bustadsaker

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller relevant fagbrev. Krav til formell utdanning kan i spesielle tilfelle fråvike dersom tilstrekkeleg kompetanse kan dokumenterast
  • Må ha god kompetanse med bruk av data som arbeidsverktøy
  • Erfaring med bruk av booking system er ein fordel
  • Relevant erfaring
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar
  • Førarkort kl B
  • Kandidaten må kunne bli tryggingsklarert opp til Hemmeleg og autoriseres 

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og god på å bygge relasjonar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Tek ansvar
  • Strukturert, effektiv og tek initiativ

Vi tilbyr

  • Lønn som førstekonsulent (kode 1408) frå lønnstrinn 53 til 57  (kr. 472 000,- til kr. 504 700,-) iht statleg lønnsregulativ. Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Faglege utfordringar og spennande arbeidsoppgåver

Om arbeidsgiveren




Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.


Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Sektor
Offentlig
Sted
7130 Brekstad
Bransje
Eiendom,
Forsvar og militær
Stillingsfunksjon
Hotell og overnatting / Resepsjon,
Kontor og administrasjon,
Kontor og administrasjon / Resepsjon

Nøkkelord

Resepsjonsarbeid, Administrasjon, Kundeservice

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Aage Bjørnstad
Stillingstittel
Avdelingsleiar bustad og kvarter
Telefon
41 51 12 52
Følg firma
3051 følger dette firmaet

7130 Brekstad

Annonseinformasjon

FINN-kode 223808335
Sist endret 5. aug. 2021 09:06

Rapporter annonse