Utløpt

Kyrkjelydspedagog i Brynekyrkja

Arbeidsgiver
Time kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Kyrkjelydspedagog i Brynekyrkja
Frist
02.08.2021
Ansettelsesform
Fast

Brynekyrkja ønskjer å vere ein kyrkjelyd kor barn og unge føler seg heime. Me ønskjer at alle døypte mellom 0-18 år på Bryne skal få god trusopplæring. Me søkjer ein person som kan vere med å vidareutvikle og drive trusopplæringa i Bryne kyrkjelyd saman med stab og frivillige. Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å jobbe med trusopplæring blant barn og unge på Bryne, i ein nytenkjande kyrkjelyd i Den norske kyrkja.

Vi har ledig 80% stilling som kyrkjelydspedagog i Brynekyrkja.

Bli med å gje vidare det viktigaste til barn og unge på Bryne. Gud gir – vi deler!

Stillinga har sin hovudarbeidsplass i Bryne, men inngår i eit team som jobbar saman om trusopplæringa på tvers av kyrkjelydane Bryne, Time og Undheim. Ein må difor pårekna noko arbeid i dei andre kyrkjelydane. I tillegg er 20% av stillinga øyremerka konfirmantarbeidet, i tett samarbeid med kateket.

Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest). Søkjarar må stå inne for kyrkjas verdigrunnlag og vere medlem i den norske kyrkja.

www.brynekyrkja.no

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver
  • Hovudansvar for alle fasetiltak frå 0-15 år i Brynekyrkja
  • Bidra til å vidareutvikle kontinuerlege trusopplæringstiltak på tvers av kyrkjelydane
  • Undervisning for barn og unge
  • 20% arbeid med konfirmantar i samarbeid med kateket
  • Rekruttere og følgje opp frivillige medarbeidarar
  • Kommunikasjonsarbeid

Endeleg stillingsbeskriving og arbeidsplan blir utarbeidd i samarbeid med den som blir tilsett. Arbeidet inneber også ein del ettermiddag/kvelds- og helgearbeid.

Kvalifikasjonar:

Ønskjeleg med

  • Relevant utdanning innan pedagogikk/kristendom
  • Erfaring og engasjement for barne- og ungdomsarbeid
  • Erfaring med kyrkjelydsarbeid og trusopplæring
  • Me vil òg vurdere kandidatar med anna relevant erfaring og bakgrunn.

Personelege eigenskapar

  • Kreativ og nytenkjande
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge
  • Evne til å inspirere og koordinere frivillige medarbeidarar
  • Strukturert og god på å planleggje langsiktig
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med stab og frivillige
  • Engasjert og initiativrik
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Stor grad av fleksibilitet i stillinga
  • Godt og inspirerande arbeidsmiljø på Time kyrkjekontor
  • Utfordrande arbeidsoppgåver og engasjerte kollegaer
  • Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
  • Medlemskap i KLP
  • Fleksible avspaseringsordningar

Oppstart etter avtale, men ønskjeleg frå hausten 2021

Om arbeidsgiveren

Time kyrkjelege fellesråd utgjer Bryne, Time og Undheim sokn.  Det bur om lag 18.600 innbyggjarar i Time kommune  med Bryne som administrasjonssenter.  Felles kyrkjekontor ligg på  Bryne, som er skule- og handelssenter på Jæren.  Staben ved Time kyrkjekontor utgjer om lag 20 tilsette.

Sektor
Offentlig
Sted
Brynevegen 9, 4340 Bryne
Bransje
Kirke og menighet
Stillingsfunksjon
Menighetsarbeid

Nøkkelord

Kyrkjelydspedagog, Brynekyrkja, Kyrkje, kirke, menighet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jostein Aarbakke Tollaksen
Stillingstittel
dagleg leiar
Telefon
90 98 88 80
Kontaktperson
Gunnar Bjorland Stone
Stillingstittel
kyrkjeverje
Telefon
40 60 10 79
Følg firma
175 følger dette firmaet

Brynevegen 9, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 222446869
Sist endret 18. jun. 2021 16:49

Rapporter annonse