
Dagleg leiar (vikariat)
Bondeungdomslaget i Oslo
- Frist 24.5.2021
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du leie aktivitets- og kulturorganisasjonen BUL Oslo?
Den daglege leiaren vår skal ha permisjon, og vi søker no ein vikar for henne dei neste 12 månadane. Det er mogelegheit for fast tilsetting etter denne perioden.
Vi ser helst at du kan starte seinast 1. august 2021.
Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) ein organisasjon som driv med idrett, teater, folkedans, kor og målarbeid i sitt eige kulturhus midt i Oslo. Er du allsidig, strukturert, god til å administrere og med eit engasjement for organisasjonsarbeid? Då er kanskje du den rette til å vere dagleg leiar i BUL.
BUL er ein demokratisk styrt medlemsorganisasjon der det er tett dialog mellom tillitsvalde, medlemmer og administrasjon. Det er fem tilsette (4,8 årsverk), der to av desse er i Idrottslaget. Dagleg leiar har personalansvar for to personar, er styresekretær for hovudstyret og har ansvar for økonomi, avtalar, husadministrasjon, utleige, koordinering med aktivitetane og tillitsvalde, og andre små og større praktiske oppgåver.
Vi ønskjer ein person som både kan administrere og, i samspel med styret og dei tilsette, vere med på å utvikle og synleggjere laget. Du vil difor i noko grad kunne påverke organisering og innhaldet i stillinga avhengig av bakgrunn og kompetanse.
Dette er dei viktige ansvarsområda:
- styresekretær med saksutgreiing og oppfølging av vedtak
- rekneskap, budsjett og søknader
- personalansvar
- organisering av kontoret og utvikle gode rutinar
- bidra i utvikling og synleggjering av laget
- organisere bruk og utleige av lagslokala
- bidra i aktivitetar og ved arrangement
Vi søkjer deg som:
- er ryddig og strukturert, fleksibel og tek initiativ
- forstår økonomi og ikkje er redd for tal
- særs god i nynorsk, og uttrykker deg godt både munnleg og skriftleg
- har erfaring frå organisasjonar som tilsett eller tillitsvald
- har tankar og idéar om utvikling av frivillige organisasjonar
- har relevant utdanning, gjerne innan kultur, økonomi eller liknande
BUL har nynorsk som administrasjonsspråk, og du må kunne lese korrektur for andre tilsette og tillitsvalde.
Praktisk om stillinga:
- 100% stilling med 37,5 timar normalarbeidstid, fleksitid
- du må rekne med noko kveldsarbeid
- løn etter avtale
- god pensjonsordning
- personalkantine og rabattordningar
- vi nyttar Office 365, Xledger økonomisystem, medlemssystemet Styreweb
Send søknad og CV til oss snarast mogeleg, og seinast 24. mai.
Om arbeidsgiveren
BUL eig Rosenkrantz’ gate 8, og forretningsverksemdene Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husfliden. Vi har to hytter; Røkleivhytta i Nordmarka og Bondehytta i Nittedal. BUL er både eit ungdomslag og eit mållag og er difor lokallag i Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag (NM). IL er med i Idrettsforbundet og Songlaget i Korforbundet. Saman med NU og Det Norske Teatret eig vi Den mangfaldige scenen AS. BUL er største einskildaksjonær i Det Norske Teatret- Vi er medeigar i avisa Dag og Tid, og ein av stiftarane av Norsk Barneblad. Saman med ei rekke nynorskorganisasjonar er vi med i Nynorsk forum.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Kunst og kultur, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse, Økonomi og regnskap
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
leiar, leder, nynorsk, kultur, idrett
Annonseinformasjon
- FINN-kode 218397336
- Sist endret
