BESATT

Administrativ Team Leiar

Arbeidsgiver
UWC Red Cross Nordic
Stillingstittel
Adminitrativ team leiar
Frist
18.05.2021
Ansettelsesform
PERMANENT

Vi søkjer ein engasjert og ambisiøs Administrativ team leiar (engelsk – Admin Team Leader) i 100% stilling som vil ha ansvar for selskapet sin HR- og internkontroll-funksjon og tilsette i administrative funksjonar som resepsjon, transport og booking og bibliotek.

HR- og internkontroll er ny som eigen funksjon og det er viktig at du har erfaring med og likar å jobbe med tilsette i organisasjonen. Du får ei sentrale rolle i lag med tilsette med leiarfunksjonar i å legge forholda til rette for at dei tilsette trivast godt i sine roller. Det betyr at gode kommunikasjonsevner og evner til å innføre nye rutinar og å sørge for at eksisterande rutinar blir følgt, blir viktig.

Skulen vil jobbe med mange spanande utviklingsprosjekt i dei kommande åra. Som leiar med ansvar for HR og HMS, vil du få ei sentral rolle i selskapet sitt arbeid med å utvikle kultur og arbeidsmiljø i selskapa og bidra til at vi til ei kvar tid har personalressursar med rett kompetanse og kvalifikasjonar.

Skulen nyttar engelsk og norsk som språk i intern og ekstern kommunikasjon, og det er eit krav om at du har særs god framstillingevne i begge språka. Det er og viktig at du har evne til å ta del i og møte utfordringar i eit miljø med stort kulturelt mangfald.

Stillinga rapporterer til COO (Chief Operating Officer) og vil vere del av ei leiargruppe med representantar frå administrasjonen, utdanningsfaga og UWC Connect AS .


Vi ynskjer søkjarar med utdanning på høgskulenivå og som har erfaring innan HR, HMS- og interkontroll, økonomi og administrasjon.

Vi kan tilby konkurransedyktig løn, gode velferdstilbod og hjelpe til med å skaffe bustad.

Er du nysgjerrige på å jobbe i ein organisasjon med stort kulturet mangfald så sjekk ut meir informasjon om stillinga på nettsida vår https://uwcrcn.no/about-us-2/vacancies/

For spørsmål om stillinga, kontakt gjerne COO, Ola Hovland på tlf 958 94 683


Om arbeidsgiveren

UWC Red Cross Nordic, er ein to-årig internatskule for 200 elevar i aldren 16-19 år som kjem frå meir enn 90 ulike nasjonar. Alle elevane føl studieprogrammet International Baccalaureate (IB) Diploma. Skulen er forankra i norske veridar og legg vekt på miljøspørsmål, humanitært arbeid og friluftliv.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke
Bransje
Barn, skole og undervisning,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
Stillingsfunksjon
HMS,
HR, personal og rekruttering,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

ledelse, utviklingsprosesser

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ola Hovland
Stillingstittel
COO
Mobil
95 89 46 83
Følg firma
12 følger dette firmaet

Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke

Annonseinformasjon

FINN-kode 216747923
Sist endret 23. jan. 2024 18:24

Rapporter annonse