Utløpt

Bedriftsrådgjevar i HAFS- og Gulen-området

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Kunderådgjevar bedriftsmarknad i HAFS- og Gulen-området
Frist
02.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Sogn Og Fjordane

Banken har ledig stilling som kunderådgjevar bedriftsmarknad i eit spennande område

Sparebanken Sogn og Fjordane er den største næringslivsbanken i Sogn og Fjordane, med bedriftskundar over heile det geografiske området. Vi er i dag 30 personar i eit breitt samansett fagmiljø som jobbar med bedriftskundar i Sogn og Fjordane, og no søkjer vi etter ny Kunderådgjevar bedriftsmarknad i HAFS-området med kontorstad Dale og/eller Sløvåg.

Du vil få ansvar for å følgje opp og utvikle eiga kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa produkt, både til eksisterande og nye kundar.   

Bransjeansvarlege med spissa kompetanse innanfor ulike bransjar, er ein viktig del av banken sitt rådgjevingstilbod, og er ei aktuell utviklingsretning som kunderådgjevar.

Det vil vere ein fordel om du har kjennskap eller tilknyting til Sogn og Fjordane og det aktuelle området. Vi verdset lokalkunnskapen vår høgt, og det er eit av våre sterkaste konkurransefortrinn. 

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte 

. Ansvar for oppfølging av bedriftskundar i eigen kundeportefølje 
. Kredittarbeid med handsaming av kredittsaker og risikovurderingar 
. Finansiell rådgjeving 
. Sikre godt samspel mellom ulike produktmiljø i banken til nytte for kunde 

Til stillinga søkjer vi deg som 

. har høgare utdanning og eventuelt relevant erfaring 
. er offensiv, resultatorientert og kompetent 
. kan skape tillit og utvikle gode relasjonar til kundar og kollegaer 
. har glimt i auget og trivast med å jobbe i team

Kontorstad er Dale og/eller Sløvåg og reiseaktivitet i regionen må påreknast. 

Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er eit triveleg arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver, konkurransedyktig løn og ei god pensjonsordning. 

For informasjon om stillinga kontakt banksjef Julie Vårdal Heggøy, tlf. 909 94 421  eller direktør bedriftsmarknad Roy Stian Farsund, tlf. 906 22 123

Sektor
Privat
Sted
Dale og/eller Sløvåg, 5960 Dalsøyra
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Julie Vårdal Heggøy
Telefon
90 99 44 21
Kontaktperson
Roy Stian Farsund
Telefon
90 62 21 23
Følg firma
102 følger dette firmaet

Dale og/eller Sløvåg, 5960 Dalsøyra

Annonseinformasjon

FINN-kode 215597100
Sist endret 19. apr. 2021 21:41

Rapporter annonse