Utløpt

Teamleiar

Arbeidsgiver
Knudsen Dørfabrikk AS
Stillingstittel
Teamleiar i monteringsavdeling
Frist
23.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med KNUDSEN DØRFABRIKK AS

Til vår monteringsavdeling søkjer me ein teamleiar. Stillinga har ansvar for god flyt, god kvalitet og ein god sluttkontroll. Du som får jobben vil få ei grundig opplæring.

Me vil spesielt oppfordra driftige damer til å søkja på denne stillinga!

 

Arbeidsoppgåver

  • Tilrettelegga varer, produkt og arbeid i avdelinga, slik at det blir god flyt. Gjera dine kollegaer effektive gjennom planlegging og god tilrettelegging.
  • Ansvar for god sluttkontroll
  • Ansvar for varemottak og utsending
  • Delta i produksjonen. Montering, samanstilling, pakking og utsending
  • Delta i vårt utviklingsarbeid

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Kvalitetsbevisst!
  • Initiativrik, og opptatt av framdrift og god flyt
  • Evna å ha mange ballar i lufta samstundes
  • Godt humør, og god ordenssans
  • Relevant erfaring og /eller utdanning er fint, men ikkje eit krav.
  • God på kommunikasjon. Beherska norsk skriftleg og munnleg

 

Me tilbyr

  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Ein arbeidsplass i kontinuerleg utvikling
  • Trygg og stabil arbeidsplass (ingen permitterte sidan 1946)
  • Timebank og konkurransedyktig løn. Fri i romjula og påskeveka.
  • Grundig opplæring

Om arbeidsgiveren

Produsent av innerdører med 16 positive tilsette, og 74 års erfaring. Me produserer dører til bustad og yrkesbygg i heile landet, og har eit stort produktspekter. Våre dyktige tilsette har mykje kompetanse og erfaring innan dørproduksjon.

Me har hatt god vekst i fleire år, og planlegg vidare vekst. Dette får me til ved å jobba med utvikling og forbetringar kvar einaste dag. Me brukar LEAN som arbeidsverktøy. Me jobbar kontinuerleg med produktutvikling, og me investerer i nytt produksjonsutstyr. Våre tilsette er vår viktigaste ressurs, og vår ambisjon er å alltid vera ein attraktiv arbeidsgjevar der alle kan utvikla seg, og trivast kvar dag.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Tjedlavegen 35, 5593 Skånevik
Bransje
Industri og produksjon,
Trevareindustri
Stillingsfunksjon
Håndverker / Snekker/Tømrer,
Produksjon,
Annet

Nøkkelord

Produksjon, Teamleder, Montering, Produksjon, Trevare

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Fredrik Wälsjö
Stillingstittel
Produksjonsleiar
Mobil
40 69 93 79
Kontaktperson
Roar Knudsen
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
97 78 98 34
Følg firma
25 følger dette firmaet

Tjedlavegen 35, 5593 Skånevik

Annonseinformasjon

FINN-kode 196674502
Sist endret 11. des. 2020 17:12

Rapporter annonse