Utløpt

Ønsker du å bidra til å beskytte Norges grenser med dine gravende evner?

Arbeidsgiver
Tolletaten
Stillingstittel
OSINT-analytiker til etterretningsdivisjonen
Frist
21.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Tolletaten

Etterretningsdivisjonen skal bidra til meir etterretnings- og kunnskapsbasert kontrollverksemd i tolletaten. Vi utviklar avanserte digitale løysingar innanfor etterretning og analyse av store datamengder for å drive smartare og meir effektiv kontroll. Dagens truslar opererer både på og med hjelp av internett, og eitt av satsingsområda våre er derfor innhenting av informasjon frå opne kjelder og internett (Open Source Intelligence, OSINT).

 

I stillinga som OSINT-analytikar rapporterer du til leiaren for dataanalyseavdelinga, éi av tre avdelingar i etterretningsdivisjonen. Avdelinga omfattar dataanalyse og OSINT. Det er ni årsverk i avdelinga, og to av desse stillingane er dedikerte til OSINT-arbeid. Kapasiteten er nyoppretta, og i denne stillinga skal ein derfor i stor grad bidra til å utvikle OSINT som kapasitet i divisjonen, i samarbeid med den eksisterande kompetansen på området.

 

Vi søkjer deg som har erfaring frå arbeid innanfor OSINT, gravande journalistikk eller anna innhentings- og samanstillingsarbeid. Du vil få stor innverknad på din eigen arbeidsdag, og du vil jobbe tett saman med anna etterretningspersonell og tolltenestemenn. Analysane dine vil bli nytta som grunnlag for målretta etterretning på alle nivå.

 

Nødvendige kvalifikasjonar:

  • relevant utdanning på bachelornivå (svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad)
  • erfaring med etterretning og/eller avansert OSINT
  • erfaring med informasjonsinnhenting og bruk av informasjon frå opne kjelder
  • god skriftleg, visuell og munnleg framstillings-/presentasjonsevne

 

Ønskte kvalifikasjonar:

  • god IT-kompetanse
  • erfaring frå etterretnings- og/eller analysearbeid
  • kompetanse innanfor programmering (Python) og nettverksanalyse

 

Arbeidsoppgåver:

  • innhente relevante og rettidige data frå internett i samsvar med ein innhentingsplan
  • systematisere innhenta data og gjere dei om til forståelege og lesbare produkt
  • vurdere og evaluere kjelder og informasjon
  • formidle informasjon til vidare bruk eller omarbeiding
  • sikre at innhenting av informasjon og bruk av innhentingsmetodar er i tråd med gjeldande regler, spesielt personvernlovgivinga
  • bidra til kompetanseutvikling på fagområdet mellom anna ved å gi støtte og rettleiing til andre einingar i Tolletaten

 

Dine eigenskapar:

  • analytisk, kreativ og nytenkjande
  • initiativrik og sjølvdriven
  • effektiv og løysingsorientert
  • resultatorientert med god gjennomføringsevne
  • god til å samarbeide

 

I tillegg blir du motivert av samfunnsoppdraget til etaten, og du identifiserer deg med dei personalpolitiske verdiane våre ved å ha integritet og vere mål-, resultat- og utviklingsorientert og inkluderande.

 

Vi tilbyr:

  • utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
  • gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar, kr 550 000 - 690 000 (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • arbeidsstad sentralt i Oslo i nyoppussa lokale

 

Den som blir tilsett, må kunne tryggleiksklarerast for graden hemmeleg.

Vi nyttar SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hòl i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

 

Meir informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte avdelingsdirektør Trygve Kalland på tlf. 907 13 370 eller fagdirektør Guillaume Lanquepin på tlf. 952 06 693. Dersom du blir kalla inn til intervju, ber vi deg om å ta med originale vitnemål og attestar.

 

Søknadsfrist: 21.09.2020

Stillingsnummer: 50/2020
 

Om arbeidsgiveren

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Sektor
Offentlig
Sted
Tollbugata 1, 0152 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Politi,
Sikkerhet,
Analyse

Nøkkelord

OSINT, etterretning, beskyttelse, sikkerhet, analyse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trygve Kalland
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Kontaktperson
Guillaume Lanquepin
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
95 20 66 93
Følg firma
2708 følger dette firmaet

Tollbugata 1, 0152 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 190656518
Sist endret 11. sep. 2020 14:04

Rapporter annonse