Utløpt

Avdelingsleiar SFO ved Søre Øyane barneskule

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
12.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar i SFO frå 1. august 2020


I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø, der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Skuleutvikling står sentralt med vekt på læring, livsmeistring og eit godt læringsmiljø.


Arbeidsstad

Søre Øyane barneskule ligg idyllisk til på Sundøy, sørvest for Osøyro. 

Vi ligg i eit maritimt miljø, med gode mogelegheiter for aktiv bruk av naturen. Skulen har om lag 130 elevar fordelt på 1.-7. trinn, og vel 20 tilsette.

Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter difor kvart barn med respekt og omsorg, og er gode rollemodellar for dei. Vi jobbar heile tida for å utvikle oss, og bli betre klasseleiarar. I våre klasserom skal det vere rom for alle og blikk for den enkelte. Slagordet vårt er "samhald og meistring", og gjennom det ønskjer vi å legge til rette for kollektive læringsopplevingar for store og små. Saman med FAU, det lokale idrettslaget og barnehagen jobbar vi i prosjektet "Saman er vi best". Målet med prosjektet er å skape eit godt oppvekstmiljø for alle.


Satsingsområda våre er vurdering for læring, fagfornying, inkluderande læringsmiljø og livsmeistring for alle.


Arbeidsoppgåver

- Administrativ drift av SFO

- Delta aktivt i skulen si leiargruppe for å vidareutvikle eit trygt og godt skulemiljø

- Personalansvar på eiga avdeling

- Leggje til rette for eit godt samarbeid med dei føresette

- Tverrfagleg samarbeid med eksterne og interne samarbeidspartnarar

- Vere med og sikre eit forutsigbart, systematisk og utviklande arbeids- og læringsmiljø

- Hjelpe vikarinnkallar ved fråvær

- I stillinga ligg det ca. 30% undervisning


Kvalifikasjonar

Godkjent pedagogisk utdanning/barnehagelærar frå høgskule eller universitet med undervisningskompetanse for småtrinnet. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.


Ønska kvalifikasjonar

Det er ønskeleg at du har leiarerfaring frå SFO/skule/barnehage. Relevant leiarutdanning vert òg vektlagt. 

Vi ser etter ein leiar som er positiv og som har evne til å takle endringar i arbeidsoppgåver. Du må trivast med å leie barn, og å rettleie og samarbeide med vaksne. Du må vere fleksibel og løysingsorientert, og samtidig ha evne til å skape struktur og system. Du vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med å skape heilskap mellom SFO og skule. 

Vi ønskjer oss ein raus lagspelar med god relasjonskompetanse, positive haldningar og godt humør, som bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Søkjarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.


Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.


Vi arbeider for å etablere ein heiltidskultur i kommunen.


Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg instruksjonane.


Eksterne søkjarar må opprette brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gong.

 

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller du kan kontakte personalavdelinga.


Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Sted
Røttingavegen 45, 5216 Lepsøy
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Førskolelærer

Nøkkelord

leder, førskolelærer, pedagogikk, sfo, utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Henrik Johannessen
Stillingstittel
rektor
Telefon
56 57 59 71
Mobil
93 00 82 76
Følg firma
489 følger dette firmaet

Røttingavegen 45, 5216 Lepsøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 180408513
Sist endret 10. jul. 2020 08:36

Rapporter annonse