Utløpt

Barnehagelærar - Lysekloster barnehage

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
11.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig fast stilling i 100% frå 01.10.2020


Barnehagen har 4 avdelingar, der to avdelingar er for barn i alderen 1-3 år, to avdelingar er for barn i alderen 3-6 år. 

Viktige verdiar for oss er meistring, anerkjenning og tryggleik. 


I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.


Arbeidsstad

Lysekloster barnehage. Barnehagen ligg på Edne, like ved idrettsbana og Lysekloster skule, og i kanten av eit stort og rikt naturområde.


Arbeidsoppgåver

Barnehagelæraren skal arbeide i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, delegasjonsreglement og andre kommunale vedtak og avgjersler som har betydning for barnehagen si drift. 


Barnehagelæraren må sjå barnehagen i ein heilskap, ha omsorg for alle barn og aktivt ta del i utviklinga av barnehagen.


Barnehagelæraren vil ha ansvar for at førskulebarna får gjennomført utedagane sine kvar veke, der fokuset er særleg på fagområdet "natur, miljø og teknologi".


Kvalifikasjonar

Utdanning som barnehagelærar, gjerne med fordypning i naturfag. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent


Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.


Ønska kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

- eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid

- er ein god språkmodell

- innehar gode evner til kommunikasjon og refleksjon

- kan ta ansvar og initiativ, og er fleksibel


Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.


Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.


Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.


Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.


Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

 

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Sted
Edne 19, 5215 Lysekloster
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer

Nøkkelord

Pedagogikk, Utvikling, Naturfag, Barnehage, Samarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Johannesen
Stillingstittel
barnehagestyrar
Telefon
56 57 33 70
Mobil
97 09 95 88
Følg firma
483 følger dette firmaet

Edne 19, 5215 Lysekloster

Annonseinformasjon

FINN-kode 180330248
Sist endret 9. jul. 2020 12:08

Rapporter annonse