Utløpt

Framtidsretta jobb med meining

Arbeidsgiver
SFE Produksjon AS
Stillingstittel
Byggje-/prosjektleiar
Frist
10.06.2020
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst på eit meiningsfullt arbeid? Kloden vår ropar etter klimatiltak, og FN sine berekraftsmål syner tydeleg at fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga.


I SFE Produksjon sine 26 kraftstasjonar gjer vi kvar dag om rein vasskraft til fornybar energi, og vi er i ferd med å auke bidraget vårt gjennom bygging av nye vind- og vasskraftverk.


SFE Nett driftar og byggjer straumnett som effektivt fraktar straumen ut og fram til kundane våre. I tillegg er eit robust straumnett nødvendig for å byte ut fossile utslepp med elektrisitet. Både utvinning av ny fornybar energi elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere utsleppet av klimagassar.


Vi har eit viktig og framtidsretta arbeid framfor oss, og no ønskjer vi DEG med på laget vidare.

Er du klar?


Dine hovudoppgåver:

Planlegging, prosjektleiing og byggjeleiing for kraftprosjekt, både nybygg og rehabiliteringsprosjekt.


Du har:

- Minimum 3-årig høgare utdanning innan bygg og anlegg.

- Minimum 5 års relevant erfaring frå bygg og anlegg.

- Erfaring frå prosjektarbeid


Du er:

- Ein god lagspelar med gode kommunikasjonsevner

- Ein person som setjer HMS høgt på dagsorden – frå planarbeid til gjennomføring


Oppmøtestad for stillinga:

Sandane i Gloppen kommune


Om arbeidsgiveren

SFE Produksjon har for tida ein stor portefølje av prosjekt, både nyutbyggingsprosjekt og større og mindre rehabiliteringsprosjekt med interessante og varierte arbeidsoppgåver.

Vi har eit godt fagmiljø med brei og variert kompetanse innan prosjektutvikling og produksjon av fornybar energi.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Lederkategori
Fagleder
Sted
Sørstandsveien 227, 6823 Sandane
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ledelse,
Prosjektledelse

Nøkkelord

prosjektledelse, byggeledelse, klima, fornybar, planlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arild Bruland
Stillingstittel
Prosjektsjef
Mobil
91 10 93 97
Følg firma
31 følger dette firmaet

Sørstandsveien 227, 6823 Sandane

Annonseinformasjon

FINN-kode 179690342
Sist endret 3. jul. 2020 14:04

Rapporter annonse