Utløpt

Leiar for helsestasjon og helsesjukepleiar i Osterøy kommune

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Leiar for helsestasjon, helsesjukepleiar
Frist
31.05.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

 

Kort om stillinga:

 Osterøy kommune er ein mellomstor kommune som ligg omlag 35 minutter frå Bergen sentrum. Her har vi Familiens hus som helsestasjonen er så heldig å vere ein del av. Saman med barneverntenesta, PPT og Barn og Familieteamet jobbar vi tverrfagleg for å gje gode tilbod til barn, unge og deira familie. Vi er ein triveleg gjeng med mange engasjerte medarbeidare og lokalisert i nye lokaler i Lonevåg sentrum.

Osterøy helsestasjon har 5 helsesjukepleiarar, ei jordmor, ei prosjektstilling og merkantil. Vi har fokus på å utvikla gode universelle tiltak for å betre barn og unges levevilkår. 

Vi lyser ut ein 100% stilling som leiar av helsestasjonen og ei 100% stilling som helsesjukepleiar. Ved internt opprykk vert det ledig ein 90 % stilling som helsesjukepleiar fra 01.09.20. til 01.09.21.

Helsestasjonen er en del av sektor for oppvekst, utdanning og kultur. Sektoren og tenesteområdet har over tid hatt fokus på utvikling og kvalitet. Tenesten har vorte vesentleg styrka dei siste åra i tråd med sentrale føringar. I sektoren er det eit utstrakt samarbeid mellom tenestene for å gje eit samordna tilbod til barn og unge.

 

Arbeidsoppgåver:

 

Leiar av helsestasjonen:

fagleg, personal- og økonomiansvar for drift av helsestasjonen.

sikre at helsestasjonen leverer tenester av høg fagleg kvalitet og utviklar tenesta slik at den best mogeleg kan møte framtidas krav og behov.

leiar må ha stort fokus på tverrfagleg samarbeid og kunne danna gode samarbeidsstrukturar.

Dette er ein kombinert stilling, kor leiar også har helsesjukepleiearbeid med helsestasjonsarbeid 0-5 år samt helsestasjon for ungdom.

leiar for helsestasjon har ei rolle i leiargruppa for Familiens hus.

Helsesjukepleiar:

Helsestasjonsarbeid, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom jmf. nasjonale faglege retningslinjer.

Forebygge og avdekke vold, omsorgssvikt, overgrep og traumer.

Rettleie, undervise og støtte barn og ungdom samt deira føresatte gjennom individuelle samtalar og i gruppe- og klasseundervisning.

Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt.

Vere koordinator i ansvarsgrupper og følge opp barn som pårørande.

Vere ein aktiv og engasjert bidragsytar til å utvikla tenesta.

Sikra høg kvalitet på det tverrfaglege samarbeidet. 

 

Kompetanse:

Vi søkjer deg som har godkjend sjukepleiarutdanning med videreutdanning i helsesjukepleie.

Til leiarstillinga søkjar vi deg som fortrinnsvis i tillegg har leiarerfaring eller leiarkompetanse.

 

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer etter deg som:

er ein dyktig og empatisk helsesjukepleiar som brenn for barn og unges oppvekstvilkår, og som ynskjer å gjere ein positiv skilnad i møte med barn, ungdom og deira familiar.

har eit fagleg engasjement.

er oppteke av medverknad og brukarperspektiv samt å finna løysingar i samarbeid med involverte partar.

har gode samarbeidsevner og verdset samarbeid i kombinasjon med sjølvstendig arbeid.

har evne til å ha ei positiv haldning sjølv i ein hektisk kvardag.

er strukturert, handlekraftig og fleksibel.

har god skriftleg framstillingsevne.

er oppteken av å utvikla tenesta og bidra til høg kvalitet.

 

Til leiarstillinga søkjar vi i tillegg ein person som:

kan leia dei tilsette med relasjonell kompetanse, åpenheit og respekt.

har evna til å skapa eit godt arbeidsmiljø.

kan leia krevjande utviklingsarbeid og endringsprosessar.

 

Vi tilbyr:

  • Variert arbeid i eit positivt arbeidsmiljø.
  • kompetente medarbeidarar og gode kollegaer.
  • Fokus på fagleg utviklig.
  • Gode pensjons-/og forsikringsordning. 
  • Tilsetjing på kommunale vilkår som mellom anna inneber god pensjonsordning.  

 

Anna informasjon:


Søkjar må ha førarkort.

Dersom du tek i mot stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3mnd. 

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Helsesykepleier

Nøkkelord

sykepleier, helsesykepleier, helsestasjon, helsesøster, leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Kari Thorsen
Telefon
56 19 24 00
Følg firma
173 følger dette firmaet

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 178272460
Sist endret 8. mai 2020 15:12

Rapporter annonse