Utløpt

Ekspedisjonssjef

Arbeidsgiver
Kulturdepartementet
Stillingstittel
Ekspedisjonssjef i avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker
Frist
04.05.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet
Om stillinga

Kulturdepartementet søkjer ein strategisk og framtidsretta leiar for avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker. Ekspedisjonssjefen har fag- og personalansvar for om lag 30 kompetente og fagleg engasjerte medarbeidarar og skal saman med dei forvalte og utvikle den samla porteføljen til avdelinga. Som ekspedisjonssjef arbeider du tett saman med den politiske leiinga i departementet og er sjølv ein del av den administrative toppleiinga. Du vil difor ha eit medansvar for å styre, drive og utvikle heile departementet som eit profesjonelt forvaltningsorgan og støtteapparat for den politiske leiinga.

Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker har sektoransvar og koordineringsansvar for regjeringa sin politikk på heile likestillings- og diskrimineringsfeltet. Dette omfattar mellom anna politikken for kjønnslikestilling og for personar med nedsett funksjonsevne, og politikken mot diskriminering på grunn av etnisitet og seksuell orientering. Politikkområdet er regulert både gjennom nasjonale lover og internasjonale menneskerettskonvensjonar. Avdelinga har ein brei internasjonal portefølje som omfattar både FN, EU/EØS, OECD, Europarådet og nordisk samarbeid. Avdelinga har ansvar for det juridiske arbeidet på området, internasjonalt arbeid på likestillingsområdet og kulturområdet og arbeid med kulturelt mangfald. I tillegg vil du som ekspedisjonssjef ha ansvaret for styringa av Diskrimineringsnemda, Likestillings- og diskrimineringsombodet og Bufdir på likestillingsfeltet.  


Kvalifikasjonar

Du har relevant utdanning, med fullført grad på masternivå. Relevant erfaring kan i nokre tilfelle kompensere for kravet til utdanning. Du må ha leiarerfaring og god forvaltningskompetanse og god styringskompetanse. Du må forstå politiske prosessar og rolla som ekspedisjonssjef i eit departement. Vi legg vekt på at du kan tenkje overordna og strategisk. Det er ein fordel om du har kjennskap til fagområda avdelinga har ansvaret for og erfaring frå internasjonalt arbeid. Du kommuniserer godt på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.

Du må vere interessert i leiing og ha evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt. Du har eit godt lag med folk, og du får fram det beste i medarbeidarane dine.

Stillinga er eit embete som krev statsborgarskap i Noreg. Det er òg eit krav om at du kan få tryggingsklarering.


Stillingsplassering og løn

Ekspedisjonssjef. Løn etter avtale.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukte til registerformål. Som IA-verksemd vil vi leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.


Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Interessentar kan før søknadsfristen ta konfidensiell kontakt med Geir Fottland i ISCO Group på telefon 930 09 523 eller fottland@iscogroup.no. Departementsråd Kristin Berge, telefon 480 53 373, kan òg kontaktast.


Om arbeidsgiveren

Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.

Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker har sektoransvar og koordineringsansvar på politikkområda likestilling og diskriminering, og ansvar for å følgje opp internasjonale konvensjonar og internasjonalt arbeid på området. Avdelinga har i tillegg ansvar for regelverk på likestillings- og diskrimineringsområdet, kulturelt mangfald og generelle internasjonale kultursaker.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Ledelse,
Saksbehandler
Følg firma
1384 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 174229916
Sist endret 30. mar. 2020 09:55

Rapporter annonse