Utløpt

Undervisningsinspektør, Seim skule

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Undervisningsinspektør, Seim skule
Frist
11.03.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Skulen

Seim skule er ein barneskule med 150 elevar og 27 tilsette. Skulen er ny (frå 2013) og ligg sentralt på Seim, 10 minutt køyring frå Knarvik.  Skuleåret 2018-2019 vart det utarbeidd ein ny visjon for skulen som syner kva vi vektlegg i opplæringa:  «Seim skule – ein skule for framtida. Leik - læring – meistring» 

Stilling

Ved Seim skule er det frå 01.08.20 ledig 100% stilling som undervisningsinspektør. Undervisningsdelen vil vere ca 50%

Arbeidsoppgåver 

Oppgåvene kan variere mellom skule ut frå storleik og organisering.

Døme på oppgåver er :

  • Pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Arbeid knytt til skulens ulike planer.
  • Arbeid knyttet til elevaktiviteter.
  • Arbeid knyttet til friminutt, inspeksjon og fysisk aktivitet.
  • Vikarinnkalling og oppfølging/veiledning av vikarer.( -  ansvar for fråværsoppfølging etter turnus.)
  • Arbeide tett på lærarar og  barne og undomsarbeidarar / assistenter i det daglege
  • delta og bidra i leiargruppa
  • Vere med på timeplanarbeid
  • Rektor sin representant

Du er  ein del av skulen sitt leiarteam saman med rektor og ev andre inspektørar. Du vil ha hovudansvar for eit av skulen sine stegteam. Då vil du, saman med rektor, leie dei utviklingsprosessane teamet til ein kvar tid jobbar med, i tillegg til å sikre den daglege drifta på steget. Du vil ha oppfølgingsansvar for dei elevane som soknar til steget og du vil ha delegert personalansvar for dei pedagogane som jobbar på steget.

Andre leiaroppgåver vil bli fordelt mellom rektor og undervisningsinspektørane etter kompetanse, organisering av skulen og ønskjer.

Kvalifikasjoner

  • Erfaring med administrativt arbeid og/eller leiarerfaring.
  • Pedagogisk utdanning og undervisningserfaring i skuleslaget.
  • Du har gode digitale ferdigheter.
  • Evne til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og tilsette

Me søkjer personar som kan  delta i utviklingsarbeidet og drifta av skulen.  Du treng god arbeidskapasitet. Ein god inspektør i våre auge er løysningsfokusert, klarar å halde seg fagleg oppdatert, er fleksibel og kan tilpassa seg ulike menneske og miljø. Du må ha god skriftleg – og munnleg framstillingsevne. Kommunikasjonsferdigheiter er vesentleg for stillinga. Som teamleiar vil du leie eit  team, som du må rettleie i gruppe og individuelt. Inspektør har delegert fagleg ansvar og oppgåver knytt personaloppfølging i sitt team. 

Vi tilbyr

  • Spanande jobb med gode vilkår for faglig utvikling
  • Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring. 
  • Utviklingsorienterte skular
  • Dedikerte, engasjerte og positive kolleger
  • Samarbeid om elevenes læringsmiljø
  • Moglegeit for videreutdanning / leiarutdanning
  • God pensjonsordning i SPK

Vilkår

Det er krav om godkjend polititattest etter opplæringslova ved tiltrede.

Om arbeidsgiveren

Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Lurevegen 150 5912 Seim, 5914 Isdalstø
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

Undervisningsinspektør, Skole, Pedagog, Undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torgeir Arne Lid
Stillingstittel
Rektor Seim skule
Telefon
48 22 70 93
Følg firma
414 følger dette firmaet

Lurevegen 150 5912 Seim, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 171091135
Sist endret 21. feb. 2020 13:14

Rapporter annonse