Utløpt

Spesialetterforskar (kjemikar) ved Miljøkrimavdelinga

Arbeidsgiver
ØKOKRIM
Stillingstittel
Spesialetterforskar (kjemikar) ved Miljøkrimavdelinga
Frist
05.01.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Økokrim

Miljøkrimavdelinga ved ØKOKRIM er politiet og påtalemakta sitt fremste kompetansesenter på miljøområdet. Avdelinga arbeider med saker som gjeld forureinings-, natur-, kultur-, kulturminne,- arbeidsmiljø og dyrevelferdskriminalitet. Avdelinga treng no ein medarbeider med natur- og miljøretta kompetanse i kjemi.

Vi er på jakt etter deg som er

  • samfunnsinteressert
  • ønskjer å koma til botn i kompliserte sakshøve
  • kan handtere og analysere mykje informasjon
  • kan skilje det viktige frå det uviktige og ser det enkle i det komplekse
  • er interessert i å setje deg inn i nye saksområde
  • trivst med å arbeide tett med andre profesjonar
  • viser initiativ
  • søkjer nye utfordringar og er uthaldande


Arbeidsoppgåver

  • etterforske straffesaker
  • utarbeide kjemifaglege analyser
  • samarbeide om straffesaker med myndigheiter i inn- og utland
  • delta på aksjonar og feltarbeid
  • hjelpe til i arbeidet med påtalevedtak og med å føre saker for retten
  • vere bisitjar
  • drive opplæring internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • master eller tilsvarande i kjemi på høgskole- eller universitetsnivå
  • normalt 5-8 år relevant erfaring
  • særs gode kjemifaglege kunnskapar
  • ein fordel med relevant natur- og miljøfagleg røynsle frå forvaltning, industri eller anna næringsliv
  • særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne i engelsk
  • særs gode IT-ferdigheiter

Personlege eigenskapar

  • evne og vilje til nært tverrfagleg samarbeid
  • oppteken av å utvikle eigen og andre sin kompetanse
  • særs god arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre planar og oppnå resultat
  • særs gode analytiske evner
  • initiativrik og endringsvillig

Vi tilbyr

  • interessant arbeid med samfunnsrelevante straffesaker
  • tverrfagleg teamarbeid
  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • samarbeid med myndigheiter i inn- og utland
  • gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • god pensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid
  • løn som spesialetterforskar (stillingskode 1364), kr 610 000-725 000
  • i tillegg får spesialetterforskarar i ØKOKRIM eit mellombels tillegg for unnatak frå arbeidsmiljølova

Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga, og ønskjer oss difor mange søkjarar. Politiet er ein open og inkluderande etat som vurderer alle sine søkjørar likeverdig. Vi oppmodar difor kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss.

Om arbeidsgiveren




 


 


 





ØKOKRIM er politiet og påtalemakta sitt spissorgan mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. Vi arbeider for å verne velferdssamfunnet og det økonomiske systemet. Vi tek dei mest omfattande, kompliserte og prinsipielle sakene på dette området, og treng difor dyktige medarbeidarar som er opptekne av å utvikle seg gjennom tverrfagleg arbeid. ØKOKRIM held til sentralt i Oslo. Du må rekne med reiseverksemd i inn- og utland.







Ei tilsetjing i politiet krev plettfri vandel, og ein uttømmande og utvida politiattest må innhentast, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.







Staten har eit personalpolitisk mål om mangfald bland dei tilsette, og vi ønskjer ei balansert samansetjing i kjøn og alder og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn. Som søkjar bør du merke deg at opplysningar om deg kan bli gjort offentlege, sjølv om du ber om ikkje å bli ført opp på ei offentleg søkjarliste. Søknaden med attestar og vitnemål skal registrerast i WebCruiter via lenka i kunngjeringa.


Sektor
Offentlig
Sted
0125 Oslo
Bransje
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi,
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi,
Analyse

Nøkkelord

spesialetterforsker,, kjemiker,, miljø,, analyser,, feltarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hans Tore Høviskeland
Stillingstittel
Førstestatsadvokat/avdelingsleder
Telefon
91 64 60 13
Følg firma
919 følger dette firmaet

0125 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 164792367
Sist endret 4. des. 2019 09:48

Rapporter annonse