Rådgivar kommunikasjon og digitalisering
- Arbeidsgiver
- Hå kommune
- Stillingstittel
- Rådgivar i Hå kommune
- Frist
- 16.12.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Vil du vera med og forma morgondagen for innbyggarane i Hå, og jobba med kommunikasjon som strategisk verkemiddel? Me søker ein nyskapande kollega som vil jobba med digitalisering og kommunikasjon. Tiltreding etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Strategisk kommunikasjonsrådgiving
- Dialog med innbyggarane
- Handtering av sosiale medier
- Systemansvar for nettsider og intranett
- Pådrivar i digitaliserings- og innovasjonsarbeid
- Pressehandtering
Personlige eigenskapar
- Du er nysgjerrig, nytenkande og har god gjennomføringsevne
- Du er systematisk, løysingsorientert og arbeider sjølvstendig for å ferdigstilla oppgåver
- Du er fagleg engasjert
- Godt visuelt blikk og evner til å framstilla komplekse problemstillingar på enkle visuelle måtar
- Lagspelar
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig utdanning innan relevant fagområde frå universitet/høgskule eller tilsvarande
- Du behersker Adobe-pakken og liknande verktøy
- Du kommuniserer godt på norsk, skriftleg og muntleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Personleg og fagleg utvikling, gjennom varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
- Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer, stor takhøgd og sosiale tiltak
- Lønn etter avtale
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.
Søknad sendast
Hå kommune oppfordrar alle til å søkje elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du har vanskar med innlogging.
Om arbeidsgiveren
Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
- Bransje
- Konsulent og rådgivning,
- Offentlig administrasjon,
- PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon
- Journalist,
- PR og informasjon,
- Rådgivning
Nøkkelord
Kommunikasjon, Sosiale medier, Innovasjon, Pressehåndtering, Digitalisering
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Hilde Eidsaa Bjorland
- Stillingstittel
- Kommunikasjons- og innovasjonssjef
- Mobil
- 99 70 18 02
Rådhusgata 8, 4360 Varhaug