BESATT

Spennende jobbmulighet!

Arbeidsgiver
Onarheim Bruk AS
Stillingstittel
Avdelingsleiar berggylt
Frist
01.10.2019
Ansettelsesform
Fast

Onarheim Bruk AS ligg på Onarheim, i Tysnes kommune (les meir på www.onar.no). Anlegget er Alsaker Fjordbruk si satsing på rensefisk, som vert nytta til biologisk avlusing av oppdrettslaks. Me produserer frå rogn til luseetande fisk, og er pr. i dag ein av landets største produsentar av rognkjeks. Selskapet er no i ferd med å bygge eit stort nytt anlegg for produksjon av rensefisk, og har ambisjonar om ein årleg produksjon på 5 millionar berggylt. 


Vår nye avdelingsleiar vil vera delaktig i planlegging, oppbygging og drift av ny rensefiskavdeling.


Sentrale arbeidsoppgåver:

•      Planlegging og optimalisering, samt delta i produksjonen av berggylt

•      Levande fôrproduksjon

•      Utvikling av arten som oppdrettsfisk

•      Motivere og leie medarbeidarane til best mogleg resultat

•      Rapportering og loggføring


Kvalifikasjonar:

•      Relevant utdanning og/eller akvakulturerfaring

•      Er strukturert og har evna til å få folk med på laget

•      Sjølvgåande, løysingsorientert og handlekraftig

•      "Stå-på-vilje" i hektiske periodar


Me kan tilby deg ein krevjande og spanande jobb, med konkurransedyktige vilkår i eit framtidsretta konsern.

Løn og tiltreding etter avtale. Me kan hjelpa deg å finna bustad.

Om arbeidsgiveren

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av landets største oppdrettskonsern, med 23 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, slakteri, rensefiskproduksjon og ein stor flåte av moderne servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk, omfattar offshoreservice- verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedoms-utvikling. Me har om lag 1,7 milliard NOK i omsetning og er omlag 300 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
Bransje
Fiskeri og oppdrett
Stillingsfunksjon
Produksjon,
Ledelse

Nøkkelord

berggylt, avdelingsleder, oppdrett, marinfisk, Alsaker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Steffen Günther
Stillingstittel
Driftsleiar
Mobil
99 21 01 30
Følg firma
108 følger dette firmaet

Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 157387232
Sist endret 17. feb. 2023 09:38

Rapporter annonse