Utløpt

Industrimekanikarar

Arbeidsgiver
Hydro Aluminium AS
Stillingstittel
Industrimekanikarar
Frist
22.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Hydro

Hydro Husnes ligg i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, ved utløpet av Hardangerfjorden. Kommunen har særs gode oppveksttilhøve for born og ungdom. Området kan by på heile spekteret frå idyllisk skjergard til høgfjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktivitetar både sommar- og vinterstid.

Fabrikken har om lag 260 tilsette og produserer årleg 95.000 tonn aluminium, som blir støypt ut som pressbolt. Me står framfor ei spennande tid i lys av Hydro si avgjerd om oppgradering og restart av ein produksjonslinje (B-hallen). Dette inneber ei fordobling i produksjonen med forventa oppstart i 2020, og høg aktivitet på Husnes i dei komande åra.

Grunna den auka aktiviteten framover, søker me no erfarne industrimekanikarar.

Ansvarsområde

Som industrimekanikar vil du ha ansvar for å utføre forebyggjande, planlagt og korrektivt vedlikehald på prosess- og driftsutstyr ved heile Hydro Husnes. Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

  • Planlegge og utføre vedlikehald og inspeksjonar
  • Feilsøke, teste og verifisere
  • Bidra til å utvikle og optimalisere produksjonsutstyr
  • Halde deg fagleg oppdatert, dele kunnskap og erfaringar i organisasjonen
  • Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljø med fagkompetanse, samt delta i fabrikken sitt forbetringsarbeid
  • Bidra til eit aktivt og forebyggjande HMS-arbeid

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev innan industrimekanikarfaget
  • Erfaring frå prosess- eller industrianlegg er ønskjeleg
  • Bilsertifikat kl. B
  • Forståing for teknisk dokumentasjon
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg, gjerne også engelsk
  • God til å kommunisere og samarbeide med andre

Me ser etter deg som er engasjert, strukturert, initiativrik og kreativ. Du likar endringar og forbetringsarbeid, viser gode HMS-holdningar og evnar å utføre jobben i samsvar med Hydro sine standardar og verdiar.

Annen informasjon

Stillingane inngår i vaktordninga for vedlikehaldsavdelinga.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydro si daglege verksemd. Det er vårt ansvar å verne om helsa og sikkerheita til våre tilsette, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei nærmiljøa vi opererer. Me søkjer derfor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar og -handlingar.

Me aksepterer berre elektroniske søknader via www.hydro.com. Ver venleg, legg ved alle relevante vitnemål, diplom og sertifikat.

Om arbeidsgiveren

Vil du vere med på å forme vår historie med dine personlege eigeskaper, kompetanse og ambisjonar? Hydro har 35 000 tilsette verda over som utvinn, produserer, formar og resirkulerer verdas mest fleksible og berekraftige metall og leverer eit utall nyskapande produkt og løysingar.

Sektor
Privat
Sted
ONARHEIMSVEGEN 54, 5460 Husnes
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør

Nøkkelord

Vedlikehald, HMS

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Asle Moberg
Stillingstittel
Områdeleiar Sentralt vedlikehald
Telefon
90 58 76 45
Kontaktperson
Bodil Madslien
Stillingstittel
HR spesialist
Telefon
41 61 74 58
Følg firma
2745 følger dette firmaet

ONARHEIMSVEGEN 54, 5460 Husnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 156997005
Sist endret 6. sep. 2019 17:42

Rapporter annonse