Utløpt

Sjukepleiarar / vernepleiarar til Bryneheimen og demensavdelinga ved Sivdamheimen

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Sjukepleiarar / vernepleiarar
Frist
22.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søkjer

Sjukepleiarar / vernepleiarar i  80-100 % fast stilling dag/kveld med arbeid kvar tredje helg eller langvakter kvar fjerde helg på Bryneheimen. Det er også ledig 100% sjukepleiar stilling på demensavdelinga på Sivdamheimen.

Me oppmodar sjukepleiarar med spesialutdanning innan eldreomsorg å søkje.

 
Det er også ledig 54% stilling på natt, med arbeid kvar fjerde helg på demensavdelinga. Me treng sjukepleiarar / vernepleiarar som ønskjer høg grad av fagleg utvikling og som likar varierte utfordringar.

 

Om arbeidsplassen

Bryneheimen og Sivdamheimen ligg i Bryne sentrum med gangavstand frå togstasjonen. Bryneheimen har plass til 58 pasientar fordelt på to etasjar. Sivdamheimen består av ein etasje med tre demensavdelingar, derav den eine er ein skjerma eining. I 2.etg ligger rehabiliterings- og korttidsavdelinga. Det er knytt sjukeheimslege til institusjonane. Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad. Institusjon i Time kommune har eigen fagutviklar, som har fokus på kompetanse,pasientsikkerheit og kvalitet.

 

Me tilbyr

-   Ein spanande arbeidsplass

-   Variert arbeidsplass med moglegheit for fleksibilitet i arbeidstid, stillingsstorleik og fagleg oppdatering

-   Samarbeid, kompetanse og kvalitet

-   Gode stipendordningar om du tenkjer på vidareutdanning

-   Godt arbeidsmiljø med fokus på det sosiale

-   Bedriftsidrettslag og bedriftskunstforeining

 

Om arbeidsoppgåvene

-  Demensavdelinga har fokus på miljøterapi som behandling for personer med demens

-  Som norsk autorisert sjukepleiar / vernepleiar må du meistre norsk språk munnleg og skriftleg ( tilsvarande B2)

-  Det er viktig at du kan samarbeida med pårørande og oppmuntra til brukarmedverknad

-  Samarbeida tverrfagleg og gje veiledning

-  Dokumentasjon er viktig, derfor må du ha gode datakunnskap

-  Du må lika å arbeida både sjølvstendig og i team

-  Ha god innsikt, tryggleik og engasjement for sjukepleiarfaga

-  at du liker utfordrande arbeidsoppgåver med spesiell fokus på miljøarbeid og aktivitet for våre pasientar

 

Kvalifikasjonar

-  Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar

-  Det er nødvendig at du har gode norskkunnskap munnleg og skriftleg

-  Dokumentasjon er viktig, derfor må du ha gode datakunnskap

-  Du  må kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst

-  Er fleksibel og strukturert

-  Har god fagleg innsikt og tryggheit

-  Kunne delegera og prioritera

-  Gode kommunikasjons- og  samarbeidsevner

-  At du er positiv og har engasjement for sjukepleiaryrket

-  Personleg eignaheit vil bli vektlagt

 

Andre krav

Søkjarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha fått bestått på Bergenstesten, eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggjas intervjuet.

 Då det er utlyst fleire stillingar samtidig er det viktig at du presiserer kva stilling du primært er interessert i.

 

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

 

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Om arbeidsgiveren

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
4341 Bryne
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

institusjon, demensavdeling, sykepleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Dagny Versland
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
93 23 07 70
51 77 62 89
Kontaktperson
Sølvi Vigesdal
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
97 74 02 18
51 77 65 71
Følg firma
605 følger dette firmaet

4341 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 156820891
Sist endret 23. sep. 2019 00:07

Rapporter annonse