BESATT

Har du erfaring med vedlikeholds- og kvalitetssystemer?

Arbeidsgiver
Alsaker Fjordbruk AS
Stillingstittel
Kvalitetskoordinator
Frist
23.09.2019
Ansettelsesform
Fast

Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks. Aukande krav til kvalitet og HMS, gjer at me no ønskjer å styrka staben med ein kvalitetskoordinator.

Arbeidsoppgåver:

•      Registrering og oppdatering i vedlikehaldssystem (Naviaq)

•      EQS kvalitetssystem for internkontroll og HMS

•      Delta i revisjonar


Kvalifikasjonar:

Relevant utdanning og/eller erfaring frå oppdrettsverksemd. Gode IT-Kunnskaper. Me ser etter deg som arbeidar strukturert og nøyaktig. Du er sjølvstendig i arbeidet ditt, samtidig som du er god på dialog og samarbeid. God teknisk innsikt er ein føresetnad.


Kontorstad er Onarheim, der du vil arbeida tett saman med kvalitetsleiar, IT-avdeling og driftssjefar. Dette er ein utfordrande og spanande jobb, i eit fagleg sterkt og humørfylt miljø.

Du vil få nødvendig opplæring, med moglegheit for fagleg utvikling.

Ein del reiseaktivitet må ein rekna med.

Løn og tiltreding etter avtale. 

Om arbeidsgiveren

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Sandnes og Bergen. Me er eitt av landets største oppdrettskonsern, med 23 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, slakteri, rensefiskproduksjon og ein stor flåte av moderne servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk, omfattar offshoreservice- verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedoms-utvikling. Me har om lag 1,7 milliard NOK i omsetning og er omlag 300 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
Bransje
Fiskeri og oppdrett,
IT,
Annet
Stillingsfunksjon
HMS,
Kvalitetssikring,
Revisjon og kontroll

Nøkkelord

Kvalitetssystem, Vedlikeholdssystem, Revisjon, Oppdrettsnæring, Dokumentasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lena Vermedal
Stillingstittel
Kvalitetsleiar
Telefon
53 43 01 03
Mobil
99 21 01 03
Følg firma
107 følger dette firmaet

Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 156647966
Sist endret 17. feb. 2023 09:38

Rapporter annonse