Helsesjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Time kommune
- Stillingstittel
- Helsesykepleier
- Frist
- 19.09.2019
- Ansettelsesform
- Prosjekt
Me søkjer
Helsesjukepleiar i 100% stilling til avdeling Helsestasjons - og skulehelstenesta
i Time kommune. Stillinga er oppretta i tilknytning til eit tverrfagleg prosjekt
som har tittelen "Laget rundt læraren og eleven". Målet med prosjektet er å finna,
og testa ut tiltak som bidreg til at elever i Timeskulen opplever tilhørigheit, fagleg
meistring og god psykisk helse. Overordna mål er at fleire ungdommar skal
fullføra videregående opplæring.
Om arbeidsplassen
Me kan tilby et godt arbeidsmiljø der tilsette har som leveregel at me skal gjera
kvarandre gode. Me har fokus på å:
- Yta service
- Gje og ta imot tilbakemeldingar
- Dela kunnskap og ferdigheiter
- Heia fram gode ideer
Me har ein helsestasjon- og skulehelseteneste som er i utvikling.
Tilsette er løysingsfokuserte og engasjerte!
Om arbeidsoppgåvene
Helseteneste til elevar i barneskule
Stillinga skal vera med på å bidra til at mål i prosjektet vert innfridd.
Delmål i prosjektet er å jobba på systemnivå ute på skulane.
Samskaping i teamet mellom ulike profesjonar på den enkelte skule samt
bidra med kompetanse inn i lærargruppa
Kvalifikasjonar
Godkjent helsesjukepleiarutdanning
Andre kvalifikasjonear:
- Kunna arbeida sjølvstendig, men også vera fleksibel og god på samarbeid
- Relevant praksis frå helsestasjons - og skulehelsetenesta er ønskjeleg
- Ha grunnleggjande datakunnskap
- Ha førarkort og disponere egen bil
Andre krav
Det er krav om politiattest
Elektronisk søknadsprosess
Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja
ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga
via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv
om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte
til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne,
seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Kontaktperson
Marianne Nesbø, Leder for helsestasjon - og skolehelsetjenesten i Time, tlf: 51776232,
mobil: 92454617, marianne.nesbo@time.kommune.no
Om arbeidsgiveren
“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- HULDA GARBORGS VEG 8, 4340 Bryne
- Bransje
- Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell,
- Sykepleier / Helsesykepleier
Nøkkelord
barn, oppvekst, prosjekt, skole
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Marianne Nesbø
- Stillingstittel
- leiar helsestasjon
- Telefon
-
51 77 62 32
92 45 46 17
HULDA GARBORGS VEG 8, 4340 Bryne