Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Time
Fristen er utløpt

Pedagogisk psykologisk rådgiver

Time kommune

  • Frist 1.9.2019

Rådgiver PPT

Me søkjer

Ein rådgjevar i 100 % stilling snarast mogleg tom 31.12.2023. Stillinga er
oppretta i tilknytning til eit tverrfagleg prosjekt som har tittelen
"Laget rundt læraren og eleven". Målet med prosjektet er å finna, og testa ut
tiltak som bidreg til at elevar i Timeskulen opplever tilhørigheit, fagleg meistring
og god psykisk helse. Overordna mål er at fleire ungdommar skal fullføra
vidaregåande opplæring.

 

Om arbeidsplassen

Time PPT kan tilby utfordrande, varierte og spennande arbeidsoppgåver
med stor moglegheit til å bruke din kompetanse. Kontoret har fagleg engasjerte
medarbeidarar som samla utgjer eit godt og støttande fagmiljø. Dei tilsette
praktiserer ein fagleg delekultur, og dette bidreg til trivsel og fagleg utvikling.
Du vil bli ein del av ein arbeidsplass med trivsel, godt humør og stort spenn i alder,
erfaring og fagleg bakgrunn.

 

Om arbeidsoppgåvene

Stillinga skal vera med på å bidra til at mål i prosjektet vert innfridd.
Delmål i prosjektet er;

- Jobba på systemnivå ute på skulane

- Samskaping i teamet mellom ulike profesjonar på den enkelte skulen

- Bidra med kompetanse inn i lærargruppa

- Råd og rettleiing

 

Stillinga skal og dekkja sentrale oppgåver i PPT som gjeld saksbehandling
og sakkyndighetsarbeid på individnivå.

 

Kvalifikasjonar

Me ynskjer ein søkjar med skulefagleg bakgrunn med hovudfag eller master innan
fagområda psykologi, spesialpedagogikk eller pedagogikk. Søkjarar med anna
kompetanse innafor dei same fagområda, kan og verta vurdert for tilsetting. 

 

Andre sentrale kvalifikasjoner som vektleggjast er:

- Erfaring frå PPT, skule

- Test- og utgreiingskompetanse.

- Rådgjevings- og rettleiingskompetanse.

 

Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

 

Me tilbyr

Me tilbyr ein arbeidsplass der det ligg til rette for fagleg utvikling og stor grad av
sjølvstende og fleksibilitet i arbeidet. Det vert gitt fagleg rettleiing etter behov.
Tilsette i Time kommune har god pensjonsordning gjennom KLP.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande kommunale bestemmelser.

 

Andre krav

Den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil i tenesta. Kjøregodtgjersle etter
staten sitt regulativ. Ein må leggja fram gyldig politiattest før ein kan tiltre stillinga.

 

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved
attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga
via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om
ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

 

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte
til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne,
seksuell orientering og kjønnsidentitet.

 

Kontaktperson

Marit Sandsmark Stabel, Konstituert virksomhetsleder Time PPT, tlf: 51776078, mobil: 90361572, Marit.Sandsmark.Stabel@time.kommune.no

Om arbeidsgiveren

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
  • Sted: HETLANDSGATA 27, 4340 Bryne
  • Bransje: Barn, skole og undervisning, Konsulent og rådgivning
  • Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler

Nøkkelord

barn, oppvekst, rådgivning, prosjekt, kompetanse

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Marit Sandsmark Stabel
  • Stillingstittel: leiar PPT
  • Bli kjent med Time kommune

656 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

HETLANDSGATA 27, 4340 Bryne

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 155064277
  • Sist endret 2.9.2019, 00:08
Rapporter annonse