Utløpt

Rektor ved Søre Øyane barneskule

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
26.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune
Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Søre Øyane barneskule, med snarleg tiltreding.

Vi søkjer deg som vil vere ein kompetent, open og engasjert skuleleiar i Os og Bjørnafjorden kommune. Som skuleleiar i Os og Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Os kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Arbeidsstad
Søre Øyane barneskule ligg på Sundøy i Os kommune i eit idyllisk og maritimt miljø. Vi er ein skule i vekst, med 127 elevar frå 1.-7.trinn. Satsingsområda til skulen er lesing og sosial kompetanse. I tillegg har vi ei lokal tilpassing innan det maritime i vår læreplan.
Vår visjon: -samhald og meistring

For meir informasjon om skulen, sjå skulens heimeside: http://www.soreoyane.gs.hl.no

Arbeidsoppgåver
  •  Å leie skulen sitt leiarteam
  •  Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
  •  Økonomiansvar - Forvaltningsoppgåver
  •  Overordna personalansvar
  •  Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
  •  Samarbeid med politisk og administrativt nivå

Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Søkjarar må ha særs gode muntlege og skriftlege norskkunnskapar.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Os og Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Ønska kvalifikasjonar
  • Undervisningskompetanse
  • God IKT- kompetanse
  • Relevant leiarerfaring
  • Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
Vi ser etter deg som:
  • er løysingsorientert og god på organisering 
  • har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede 
  • har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
  • har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
  • Leiarstøtte og mentor -ordning
  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Slik søkjer du Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen
kan by på dei vakraste natur- og kultur-opplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Røtingavegen 45, 5216 Lepsøy
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

Rektor, leder, undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Olav Sørås
Stillingstittel
Fagsjef skule -og barnehagar
Telefon
56 57 50 72
91 65 40 94
Følg firma
488 følger dette firmaet

Røtingavegen 45, 5216 Lepsøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 154367032
Sist endret 27. aug. 2019 00:07

Rapporter annonse