Utløpt

Avdelingsleiar Transaksjonar, ei spennande leiarstilling i Førde

Arbeidsgiver
BKK AS
Stillingstittel
Avdelingsleiar Transaksjonar, ei spennande leiarstilling i Førde
Frist
11.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Eviny

BKK og Sunnfjord Energi fusjonerer frå 1. september, og vi styrker satsinga i Sunnfjord og ytre Sogn med mange nye stillingar. På www.bkk.no kan du følge med på stillingar som vert lyst ledige.

Ansvar for rekneskapsmessige transaksjonar for heile BKK-konsernet vert no lagt til Førde.

Vår nye leiar vil ha ansvar for å motivere og vidareutvikle avdelinga som består av totalt 15 medarbeidarar i Førde og Bergen. Ei viktig oppgåve blir å integrere dei to lokasjonane til éi eining. Stillinga er organisatorisk plassert i Økonomisenteret i BKK sitt Tjenestesenter, som også består av seksjonane Medarbeidertjenester og Forretningsstøtte. Tjenestesenteret skal sette kundane i fokus og levere effektive tenester av riktig kvalitet. 

No ser vi etter ein dyktig leiar som er nysgjerrig og genuint opptatt av å utvikle framtidas transaksjonsteneste. Rolla er svært sentral i arbeidet med å vidareutvikle BKK og bidra til effektivisering og profesjonalisering på tvers av konsernet sine selskap. Du får vere med å utvikle og skape en effektiv og framtidsretta transaksjonsavdeling for BKK-konsernet.

Du vil ha ansvar for å sørge for gode, effektive og elektroniske prosessar for blant anna oppfølging av faktura, hovudbok og betalingstransaksjonar. Sentrale oppgåver vil elles vere:

  • Utvikle eininga i tråd med utvikling innan dette kompetanseområdet
  • Personalansvar, mål- og resultatansvar
  • Ansvar for avdelinga sitt arbeid med internkontroll i finansiell rapportering
  • Endrings- og forbetringsarbeid med bruk av for eksempel LEAN-metodikk og digitalisering
  • Følge opp lovendringar innan rekneskap, bokføring og MVA
  • Delta og ha ansvar for avdelinga si implementering av verksemdsendringar
  • Andre rekneskapsrelaterte oppgåver innanfor Økonomisenteret 

Kven er du?

Vår idealkandidat har høgare utdanning innan rekneskap eller økonomi og i tillegg kompetanse om transaksjonsprosessar. Du bør ha inngåande kunnskap til gjeldande lovverk innan rekneskap, bokføring og MVA. Du er forbetrings- og utviklingsorientert, tydeleg og systematisk, med gode samarbeidsevner og evne til å utvikle organisasjonen og medarbeidarane. I tillegg trur vi at du vert motivert av utfordrande oppgåver og er kvalitetsbevisst og uthaldande i endringsprosessar.

Vi gjer merksam på at vi berre tek imot søknader via vårt elektroniske søknadsskjema.  

Om arbeidsgiveren

BKK AS er morselskap i BKK-konsernet. Selskapet består av staber som setter krav og følger opp forretningsvirksomheten i datterselskapene, et Tjenestesenter samt et IKT-senter.

Sektor
Privat
Sted
Kokstadvegen 37, 5020 Bergen
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ellen C. A. Albrechtsen
Telefon
41 12 14 61
Kontaktperson
Marit Moene
Telefon
95 25 39 38
Følg firma
745 følger dette firmaet

Kokstadvegen 37, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 152052894
Sist endret 11. jul. 2019 10:36

Rapporter annonse