Utløpt

2. gongs utlysning - Osterøy kommune søkjer ny einingsleiar i Bu- og avlastingstenesta

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Einingsleiar
Frist
19.07.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Kort om stillinga

Bu- og avlastingstenesta gir tenester til menneske med ulike former for utviklingshemming. Eininga har det siste åretvore gjennom fleire endringar, der vi har lagt mykje arbeid ned i å sette retning for framtida. Det har blitt lagt eit godtgrunnlag, med fokus på meistringsorienterte tenester og fagleg utvikling, innafor ein forsvarleg ressursbruk.

 

Vi søkjer ein trygg, inspirerande og meistringsorientert leiar, som ser moglegheiter og evner å ta i brukhandlingsrommet innafor eininga sine rammer. God fagleg forståing er nødvendig, for å forstå kompleksitet, utfordringar og moglegheiter i tenesta. Sektoren gjennomfører vekentleg leiarmøter der du som leiar får ein viktig rolle i å videreutvikle sektoren saman med dei andre einingsleiarane gjennom tverrfaglig samarbeid, prosjekt og kunnskapsdeling.  

 

Einingsleiar for Bu- og avlastingstenesta har delegert ansvar for økonomi, personal og fag i si eining

 

Arbeidsoppgåver

Som einingsleiar får du ansvar for, i samarbeid med eininga sine avdelingsleiarar, fagleiar og fagkoordinatorar å vidareutvikle eininga og optimalisere drifta. Oppgåver som ligg til leiar er blant anna

- Sikre optimal organisering av tenesta, innan tildelte rammer

- Sikre kontinuerleg kompetanseheving innan miljøterapi i tråd med strategisk kompetanseplan

- Iverksette strategi og prinsipp for tenesta, vedteken av heradsstyret

- Overordna ansvar for kap 9

- Systematisk kvalitetsforbetring

- Arbeide for auka bredde i tenestetilbodet, saman med innføring av heiltidspolitikk i tenestene

- Utarbeide budsjett for tenesta, i nært samarbeid med økonomikonsulent og sektorleiing

- Samarbeid med eksterne aktørar

- Delta i sektoren si leiargruppe, i arbeidet med å vidareutvikle sektoren

- Delta i kompetanseforum og andre interne samarbeidsutval

 

Kompetanse

Bachelor innan helse- og sosialfag, primært vernepleie.

Vidareutdanning innan leiing er ønskeleg. Dersom søkjar ikkje har leiarutdanning kan søkjer inngå avtale om vidareutdanning i samarbeid med kommunen.

Erfaring frå brukargruppa spesielt og frå leiing generelt er nødvendig.

Må kunne nytte IKT som verktøy for å effektivisere arbeidsprosessar

 

Personlege eigenskapar

Den vi søkjer er initiativrik, god på kommunikasjon, nytenkande, strategisk og systemaisk. Gode relasjonelle evner er ein føresetnad, då store deler av arbeidet skjer i samhandling med andre. Vi ser etter ein person som har stabilt humør, evne til å takle utfordringar og  vilje og evne til å stå i utfordrande situasjonar

 

Vi tilbyr

Ein krevjande og spanande arbeidskvardag, med stort handlingsrom og moglegheit for å påverke utvikling av tenestene.

Eit utfordrande og støttande arbeidsklima i sektoren si leiargruppe 

Tett samarbeid og oppfølging av sektorleiinga

Ei velfungerande forvaltning

Personleg avløning med årlege lønsforhandlingar etter hovedtariffavtalen sitt kapittel 3 for kommunar.

God pensjon og forsikringsordningar i KLP med gode tilleggsordningar i KLP forsikring og bank.

Strukturerte medarbeidarsamtaler gjennom digitalt verktøy

Osterøy kommune skal innføre leiaravtale for sine leiarar i løpet av 2019.

 

Anna

Ved tilbod om stillinga vil det bli stilt krav om politiattest.

Administrasjonsmålet er nynorsk.

Osterøy kommune nyttar testverktøy i rekrutteringsprosessen.

 

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.

 

Kontaktperson

Nina Marie Kvamme, Sektorleiar helse, omsorg og sosial, tlf: 56192114, mobil: 95120665, nina.kvamme@osteroy.kommune.no

Kristin Ruud Myking, tlf: 56192119, mobil: 99010087, kristin.ruud.myking@osteroy.kommune.no

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og har passert 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Rådhusplassen, 5282 Lonevåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

Leder, helse, vernepleier, enhetsleder, Osterøy

Følg firma
175 følger dette firmaet

Rådhusplassen, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 149486910
Sist endret 7. jun. 2019 10:33

Rapporter annonse