Utløpt

Er du vår nye barnehagelærar/ pedagogisk leiar?

Arbeidsgiver
Fjell kommune
Stillingstittel
Barnehagelærar/ pedagogisk leiar
Frist
24.06.2019
Ansettelsesform
Vikariat

Bjorøy barnehage søkjer ny medarbeidar i 100 % vikariat frå 01.08.2019 til 21.06.2020.

Bjorøy barnehage er ein 5 avdelings barnehage som ligg på Bjorøy, kun 15 min køfritt frå Bergen sentrum. Barnehagen har gode lokaliteter og ligg lunt til i vakkert naturterren, med nærhet til skog, sjø og rike naturopplevingar. Barnehagen jobber med Dei utrulege åra, Dinosaurskule, Trygg i Fjell, relasjon og tilknytning, språkløypar mm. Vi samarbeidar med nærskulen, da spes om overganger. 


Hovudoppgåver

  • Aktiv deltaking i leik og god kommunikasjon i arbeidet med barna.
  • Gje god omsorg til barna og bidra til danning, trivsel og eit godt pedagogisk tilbod og læringsmiljø på avdelinga.
  • Planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumenasjons arbeid.
  • Samarbeid med føresette, ped.leiar, styrar, øvrig personale, og andre eksterne samarbeidspartnare, til barnets beste.

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Bachelorutdanning innan barnehagelærar       
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode relasjons og kommunikkative egenskaper.
  • Normalt gode datakunnskaper

Ønskjeleg med

  • Erfaring frå Dinosaurskulen og Dei utrulege åra.

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode evner i relasjonsbygging og kommunikasjon, med både vaksne og barn. Jobben krever ein stabil, motivert og lojal vaksen.
  • Vi treng ein person som er trygg i seg sjølv, tek ansvar for fellesskapet og bidreg til et trygt og positivt miljø både for liten og for stor.
  • Du må vere til å stole på og vere ein god rollemodell og verdiformidlar.
  • Du må halde deg fagleg oppdatert og ha evne tilå byggje opp gode team, saman med kollegane. 
  • Vi forventar at du tek vare på eigen helse, slik at du er godt rusta til å møte dei fysiske og psykiske utfordringane som følgjer med dagleg arbeid i barnehage.
  • Du må handtere endringar som oppstår i ein barnehage, som endring av planar, arbeidstid og arbeidsstad(avdeling), og gå dette i møte med ei positiv innstilling.
  • Vi ønskjer ein positiv, fagleg, stabil og omsorgsfull person med gode samarbeids -og kommunikkative evner.

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Vi tilbyr
  • IA bedrift 
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer 
  • Interessante utfordringar 
  • Høve til fagleg og personleg utvikling   
  • Mentorordning 
  • Treningsavtale 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Fadderordning 
  • Bedriftshelseteneste 

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad:            Bjorøy barnehage

Adresse:                   Bjorøyvegen 163

Postnummer:          5177

Poststad:                  Bjørøyhamn

Heimeside:              www.fjell.kommune.no

E-post:                      trond.heggestad@fjell.kommune.no

Telefon:                    55097589

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via linkenSØK HER .

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du på høgre side i annonsen.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

24.06.2019.

Kontakt

Styrar, Trond Heggestad tlf. 55097589 / 91715563

Om arbeidsgiveren

Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman frå januar 2020. Nye Øygarden kommune vert den nest største kommunen i Nye Vestland fylke med om lag 39 000 innbyggjarar og rundt 2 500 tilsette. Kommunesenteret vert på Straume. Det vert kommunedelsenter i Skogsskiftet og på Rong.

Visjonen til den ny kommunen er Eit fyrtårn i vest . Målet for den nye kommunen er å rekruttera og utvikla den beste fagkompetansen for å gje innbyggjarane tenester med høg kvalitet.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Foldnesvegen 1, 5342 Straume
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer,
Barnehage / Pedagogisk leder

Nøkkelord

barnehagelærer, pedagogisk, planlegging, gjennomføring, sammarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trond Heggestad
Stillingstittel
Styrar Bjorøy barnehage
Telefon
55 09 75 89
Mobil
91 74 55 63
Følg firma
80 følger dette firmaet

Foldnesvegen 1, 5342 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 149477214
Sist endret 19. jul. 2019 09:12

Rapporter annonse