Utløpt

Automatiseringsingeniør

Arbeidsgiver
Hydro Aluminium AS
Stillingstittel
Automatiseringsingeniør
Frist
30.05.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Hydro

Hydro Husnes ligg i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, ved utløpet av Hardangerfjorden. Kommunen har særs gode oppveksttilhøve for born og ungdom. Området kan by på heile spekteret frå idyllisk skjergard til høgfjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktivitetar både sommar- og vinterstid.

Me står framfor ei spennande tid i lys av Hydro si avgjerd om oppgradering og restart av ein produksjonslinje (B-hallen). Dette inneber ei fordobling i produksjonen med forventa oppstart i 2020, og høg aktivitet på Husnes i dei komande åra. Me forventar om lag 335 tilsette og ein produksjon på om lag 200.000 tonn/år aluminium i løpet av 2020.

Me har no ledig stilling som Automatiseringsingeniør.

Ansvarsområde

Du vil vere del av avdelinga for teknisk støtte & prosjekt, der arbeidsoppgåver blant anna vil vera:

  • Bidra til arbeidet med å automatisere, digitalisere og optimalisere utstyr, som del av Industri 4.0-satsinga til selskapet
  • Engineering, konfigurere og programmere kontrollsystem
  • Fagleiaransvar for ei utstyrsgruppe innan automatiseringsfaget
  • Utarbeide tekniske spesifikasjonar og evaluere tilbod, samt følgje opp installasjonar og montasje
  • Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljø med fagkompetanse, samt delta i forbetringsarbeid i selskapet
  • Bidra til samarbeid på tvers av områder og einingar
  • Bidra til eit aktivt og forebyggande HMS-arbeid

Kvalifikasjoner

  • Utdanning på Bachelor- eller Masternivå innan automatiseringsfaget eller liknande
  • Fagbrev innan automatiserings- eller elektrofag er ein fordel
  • Erfaring frå automatiserte anlegg er ønskeleg
  • Erfaring med Siemens PLS er ønskeleg
  • God kjennskap til Intouch eller andre HMI-system
  • God kjennskap til nettverksstruktur og datasikkerheit
  • Meistre norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • God til å kommunisere og samarbeide med andre

Me ser etter deg som er engasjert, strukturert, initiativrik og kreativ. Du må kunne jobbe under press, og like endringar og forbetringsarbeid. Videre må du ha gode HMS-holdningar, og evne til å utføre jobben i samsvar med Hydro sine standardar og verdiar.

Tilleggsinformasjon

Stillinga rapporterer til områdeleiar for teknisk støtte og prosjekt.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydros daglege verksemd. Det er vårt ansvar å verne om helsa og sikkerheita til våre tilsette, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei nærmiljøa vi opererer. Me søkjer derfor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar og -handlingar.

Me aksepterer berre elektroniske søknader via www.hydro.com. Ver venleg, legg ved alle relevante vitnemål, diplom og sertifikat.

I rekrutteringsprosessen vil me bruke Semac bakgrunnssjekk.

Kontakt

Områdeleiar teknisk støtte & prosjekt Kjell Magnar Eide, tlf. +47 412 05 264, e-post: kjell.magnar.eide@hydro.com

HR-spesialist Bodil Madslien, tlf. +47 416 17 458, e-post: bodil.madslien@hydro.com

Om arbeidsgiveren

Vil du vere med på å forme vår historie med din kompetanse, dine personlege eigenskapar og ambisjonar? Hydro har 35.000 tilsette verda over som utvinn, produserer, formar og resirkulerer verdas mest fleksible og berekraftige metall og leverer et utal nyskapande produkt og løysingar.


 

Sektor
Privat
Sted
Onarheimsvegen 54, 5460 Husnes
Bransje
Metaller og mineraler
Stillingsfunksjon
Teknisk personell,
Driftsoperatør/vaktmester,
Ingeniør / Automasjon og instrument

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjell Magnar Eide
Stillingstittel
Områdeleder teknisk støtte & prosjekt
Telefon
41 20 52 64
Følg firma
2746 følger dette firmaet

Onarheimsvegen 54, 5460 Husnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 147490204
Sist endret 30. mai 2019 02:02

Rapporter annonse