Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sunnfjord
Fristen er utløpt

MUSEUMSVERT

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

  • Frist 22.5.2019

MUSEUMSVERT

                                                                                                           

SUNNFJORD MUSEUM

LEDIG 80 % FAST STILLING SOM

MUSEUMSVERT

Arbeidsoppgåver

  • Førstelinjeoppgåver knytt til avdelinga
  • Ansvar for drift og utvikling av museumsbutikk, dyrehald og uteområde
  • Ansvar for drift og utvikling av utleige
  • Oppfølging og utvikling av samarbeid med eksterne aktørar
  • Formidling

Kvalifikasjonar

  • Interesse for museums -og kulturarvsarbeid
  • Gode munnlege og skriftlige framstillingsemne
  • Gode digitale kunnskapar
  • Gode språkkunnskapar
  • Ønskeleg med røynsle frå kontorarbeid og førstelinjeteneste
  • Ønskeleg med førarkort for klasse B

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Målretta og strukturert
  • Gode samarbeidsevne

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess, og dette kan føre til endringar i stillinga sitt innhald og arbeidsoppgåver. Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeidsperiodar. Det må påreknast noko reising, kvelds og helgearbeid. Stilling blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale.


Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsleiar Marie Nicolaisen tlf.906 19 474.Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Søknad med CV sendast innan 22. mai 2019, til stilling@misf.museum.no, eller i post til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane. Merk søknad « Museumsvert SUM»

Om arbeidsgiveren

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane med hovudkontor på Sandane, har følgjande hovudavdelingar: De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter, Norsk Reiselivsmuseum og Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og har til saman omlag 50 årsverk.
Kort om Sunnfjord Museum
Sunnfjord Museum vart opna i Førde sentrum i 1926. og flytt til Movika. Den opphavlege husmannsplassen Movig er grunnstammen i friluftsmuseet, som i dag tel 32 antikvariske bygningar, støl og utmarkshus inkludert. Museet har ei variert gjenstandssamling over eit stort tidsspenn og er særleg kjent for tekstilsamlinga si. Som tilsett ved museet vil du få innsikt og erfaring frå dei fleste delar av museumsdrift.
  • Sted: Movika, 6819 Førde
  • Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
  • Stillingsfunksjon: Annet

Nøkkelord

Museum, administrasjon, formidling, SoMe, førsteline

Foto: Espen Mills (1/4)

  • Foto: Espen Mills
  • Foto: Espen Mills
  • Foto: Espen Mills
  • Foto: Espen Mills
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Marie Nicolaisen
  • Stillingstittel: Avdelingsleiar
Send melding
  • Bli kjent med Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
  • Hjemmeside

79 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Movika, 6819 Førde

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 146522935
  • Sist endret 23.5.2019, 00:18
Rapporter annonse