Utløpt

Assisterande fakultetsdirektør

Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Stillingstittel
Assisterande fakultetsdirektør
Frist
20.05.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Oslo
Om stillinga

Vi har for tida ei ledig stilling som assisterande fakultetsdirektør/underdirektør, SKO 1059, ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet.

Assisterande fakultetsdirektør er fakultetsdirektøren sin nestleiar og avløysar, og har delegert ansvar for studieadministrasjonen.


Arbeidsoppgåver

Assisterande fakultetsdirektør er også delegert eit særlig ansvar for mellom anna:

  • Administrativ koordinering, oppfølging og utvikling av administrasjonen ved fakultetssekretariatet
  • Kvalitetssikring av fakultetet sine administrative rutinar og tenester, særleg innan studiar og utdanning
  • HMS-arbeid, vernebuing og internkontroll
  • Studieadministrasjon og informasjon
  • Personalansvar for studieseksjonen  

Kvalifikasjonskrav 
  • Stillinga krev relevant utdanning frå universitet eller høgskole
  • Realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Brei og relevant røynsle frå leiing
  • Røynsle fra studieadministrative arbeidsoppgåver eller liknande arbeid vil bli vektlagt
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar:

  • Stillinga krev evne til å leie og motivere medarbeidarar og samarbeidspartnarar
  • Vi søkjer ein person med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, som kan skape eit godt miljø rundt seg
  • Evne til å tenkje strategisk og vere utviklingsorientert er viktig i stillinga
  • Personen vi søkjer kan vise til god gjennomføringsevne, og har eit sterkt engasjement

Vi tilbyr
  • løn som stillingstittel SKO 1059 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 695 500 og kr 893 900, avhengig av kompetanse og erfaring
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde
  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.


Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.


Kontaktinformasjon

Fakultetsdirektør Gudleik Grimstad, tlf: 22856265, e-post: gudleik.grimstad@sv.uio.no

Personalkonsulent Liv-Hilde Vang, (kun spørsmål om elektronisk søknad) tlf: 22852116, e-post: l.h.vang@sv.uio.no


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
pb. 1084 Blindern, 0317 Oslo
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon,
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Ledelse,
Saksbehandler
Følg firma
3808 følger dette firmaet

pb. 1084 Blindern, 0317 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 146224519
Sist endret 30. apr. 2019 09:01

Rapporter annonse