Utløpt

Ledig stilling som håndverker

Arbeidsgiver
Haugalandmuseet er regionmuseum for Nord-Rogaland og forvaltar 50 bygningar i se
Stillingstittel
Museumshåndverker
Frist
23.04.2019
Ansettelsesform
Fast

Museumshandverkar 100% stilling

Har du utdanning innanfor tømrarfaget e.l. og erfaring med restaurering av kulturhistoriske bygningar? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Vi søker etter ein handverkar i 100% fast stilling, med tiltreding seinast 1. september 2019.

Museumshandverkaren er ein del av driftsavdelinga, med driftsleiar som næraste leiar. Hovudsete for museet sin administrasjon er i Haugesund, men avdelinga har ansvar for vedlikehald av museet sine kulturhistoriske bygningar i heile Nord-Rogaland. Vi søker ein person som kan arbeide sjølvstendig og i team. Avdelinga har òg ansvar for administrasjonsbygg, med mange forskjellige oppgåver og ein variert arbeidskvardag. Vi ønsker oss difor ein kollega som er løysingsorientert, fleksibel og allsidig. Personleg dugleik vil bli vektlagt.

Ved større restaureringsprosjekt kan det bli aktuelt at museumshandverkaren får ansvar for ein arbeidsgjeng. Som kunnskapsinstitusjon er det òg ønskjeleg med ein kollega som er komfortabel med å formidle kunnskap, for eksempel som kursleiar eller under arrangement.

Arbeidsoppgåver:
  • Restaurering og vedlikehald av antikvariske bygningar og anlegg.
  • HMS og deltaking i beredskaps- og sikringsarbeid.
  • Utføre tilsyn, internkontroll, drift og vedlikehald av bygg og anlegg.
  • Bidra i registrering og prioritering av tiltak som må gjennomførast.
  • Følgje opp eksterne leverandørar og leveransar i administrasjonsbygg.
  • Dokumentasjon og registreringsarbeid av antikvariske bygningar.
Kvalifikasjonar:
  • Utdanning innan tømrarfaget eller anna relevant handverksfaglig utdanning. Omfattande erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Kompetanse og erfaring frå restaurering og vedlikehald av antikvariske bygningar og kunnskap om eldre byggeteknikkar og byggeskikk.
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
  • Erfaring frå museum.
  • Interesse for og gjerne kompetanse i tradisjonshandverk.
  • Det er ein fordel med kurs innan HMS, stillas o.l.
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg.
  • Det krevst sertifikat BE og eigen bil.
Vi ønskjer at:
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du er påliteleg, initiativrik, målretta og resultatorientert.
  • Du evnar å skape ein utviklingsorientert kultur.
  • Du er positiv og bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt.
  • Du liker å lære meir og ønsker å utvikle deg i jobben.
Vi tilbyr:
  • Gode høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Eit inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og entusiastiske medarbeidarar.
  • Medlemskap med pensjonsordning og forsikringar i Kommunal Landspensjonskasse (KLP).
  • Løn og arbeidsvilkår etter Landsoverenskomsten for museum
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Høve til deltaking i lokalt fagmiljø.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar John Olav Lillesund, 902 03 083.

Søknad med CV og referansar sendast til post@haugalandmuseet.no.


Søknadsfrist: 23.04.2019



Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Skåregt. 142, 5527 Haugesund
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Håndverker / Snekker/Tømrer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John Olav Lillesund
Stillingstittel
Driftsleder
Mobil
90 20 30 83
Følg firma
7 følger dette firmaet

Skåregt. 142, 5527 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 144626760
Sist endret 21. mai 2019 15:32

Rapporter annonse