Utløpt

Vil du vera med på laget?

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Kokk
Frist
22.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søkjer ein kokk i 100% stilling som kan arbeida sjølvstendig og vil vera

med å skape ein framtidsretta barnehage med fokus på sunne og varierte råvarer.

Barnhagen har flotte lokalar og eit stort industrikjøkken. Barnehagen har frå 

hausten av ca. 120 barn og 35 vaksne.

 

Stillinga innebær å lage varm og næringsrik mat, forbereda lunsj, fruktmåltid,

klargjering av utemat i barnehagen og turmat, samt etterarbeid.

Bestilling av mat og varer. Ansvar for gjennomføring av HMS rutinar på kjøkkenet.

Stillinga innebær også at barna får delta i delar av matlaginga.

Ein må i tillegg kunne arbeide opp mot mål i årsplan

 

Rammeplanen for barnhage og retningslinjer for mat og måltider i barnehagen

(http://mhfa.no/ressurser/mathandtering-i-barnehager/)

 

Arbeidstida vil vera kl. 7.00-14.30

Kokken skal også delta på kveldsmøter etter oppsatt plan.

 

Kvalifikasjonar

 

- Utdanning som kokk eller relevant erfaring som kan kompensera for

utdanning er eit krav

 

Me ynskjer at du har:

 

- erfaring frå storkjøkken

- kunnskap om IK-mat og sunn samansetning av mat

 

- kan samarbeida i tillegg til å arbeide sjølvstendig i høgt arbeidstempo

- kan berekne, handle og planlegge menyar via internett

- vera ansvarsbevisst, løysingsfokusert, idérik og fleksibel

- kan samarbeida med barn, ansatte og foreldre

- at du er positiv "Det me vil, det søker me å få til"

 

Me tilbyr ein utfordrande jobb med gode utviklingsmuligheiter i eit godt arbeidsmiljø.

 

Meir informasjon om barnehagen kan du finne på heimesida

https://www.time.kommune.no/tenester-i-time/barn-og-utdanning/barnehagar/vestly-idrettsbarnehage.55378.aspx

 

Det blir krevd politiattest i stillinga.

 

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja

ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via

servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein

har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

 

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er

kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne,

seksuell orientering og kjønnsidentitet.

 

Kontaktperson

Alvhild Aksnes, Styrar, tlf: 51776001, mobil: 48111544, alvhild.aksnes@time.kommune.no

Om arbeidsgiveren

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sektor
Offentlig
Sted
Vestlyvegen 117, 4347 Lye
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk

Nøkkelord

barn, mat, sammen, oppvekst

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Alvhild Aksnes
Stillingstittel
Styrar
Telefon
51 77 60 01
48 11 15 44
Følg firma
605 følger dette firmaet

Vestlyvegen 117, 4347 Lye

Annonseinformasjon

FINN-kode 144097592
Sist endret 23. apr. 2019 11:34

Rapporter annonse