Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bjørnafjorden
Fristen er utløpt

Nattstillingar Luranetunet

Os kommune

  • Frist 8.4.2019

Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar natt vaktlag 2

Faste stillingar ledig frå 01.06.2019

-Vi har ledig 70% fast stilling som sjukepleiar på natt på vaktlag 2.

-Vi har ledig 53,3 % fast stilling på natt som vernepleiar/helsefagarbeidar (sjå tekst nedanfor)

Vaktlag 2 har ansvar for rehabiliteringsavdelinga og avd. Fjordheim med tilsaman 40 bebuarar.

Har du lyst til å jobba på natt med gode kollegaer er dette stillinga for deg.

Nattevaktene på Luranetunet går i arbeidslag som består av tre eller fire nattevakter. Det er fem arbeidslag på natt og dei
består av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Med fleire vaktlag har du alltid ein annnan sjukepleiar du kan ha dialog med
dersom du treng det. I tillegg har heimebasert omsorg to sjukepleiarar på natt med base på Luranetunet. Vi har god teknologi
der ein enkelt kan kontakte kollega i eit anna nattevaktslag.

Arbeidsstad
Pleie -og omsorgstenesta, Luranetunet v/nattevaktslag 2.

Tilsett som jobbar natt fåt tillegg i årsløn kr. 30.000,-

Arbeidsoppgåver
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert ivareteke
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar på natt
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeida med og rettleia yrkesgrupper innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert

Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Du er løysningsfokusert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er roleg og trygg
- Det er ønskjeleg at du har erfaring og kompetanse innan demens      
- Utdanning frå utlandet - godkjenning av NOKUT
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstesten" (test i norsk- høgare nivå)
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Tillegg i årsløn for natt kr. 30.000,-

-----

Vi har og ledig 53,3 % fast stilling på natt på vaktlag 2. som Vernepleiar/Helsefagarbeidar

Arbeidsoppgåver
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert ivareteke
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar på natt
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeida med og rettleia yrkesgrupper innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert

Kvalifikasjonar
- Du har autorisasjon som helsefagarbeidar/ vernepleiar
- Du er løysningsfokusert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er roleg og trygg
- Utdanning frå utlandet - godkjenning av NOKUT
- Bestått Norskkurs Nivå B2, for søkjarar utanfor Norden
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.
  • Antall stillinger: 2
  • Sted: Solstrandsvegen 39, 5200 Os
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

nattstillingar

"Varme og Vekst i Samspel" Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar, dagsenter, ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor t

  • "Varme og Vekst i Samspel"
Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar, dagsenter, ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor t

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Gro Helen Taule Nygard
  • Stillingstittel: Avdelingsleiar .
Send melding
  • Bli kjent med Os kommune
  • Hjemmeside

610 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 143357310
  • Sist endret 26.3.2019, 08:06
Rapporter annonse