Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Vaksdal
Fristen er utløpt

Vernepleiar, 100%

Vaksdal kommune

  • Frist 14.4.2019

Vernepleiar

Tenesta ynskjer å styrka kompetansen med ein ny vernepleiarstilling, vi har stort fokus på at den enkelte brukar skal kunne henta ut sine egne ressursar uavhengig av funksjonsgrad. Stikkord for tenesta er læring og mestring. 

 

Vi ønskjer ein person som er fagleg trygg, modig og raus og som evnar å gjera tenesta, tilsette og brukarar god. Ein person som kan sjå at ein jobb skal gjerast, ta tak og få oppgåva gjennomført. Likar du i tillegg travle dagar og å jobba kunnskapsbasert - då er det mogleg vi har jobben for deg. 

 

Arbeidsstad

Dale

 

Turnus

Stillinga er i ordinær turnus  og per no med langvakter kvar 4.helg.

 

Krav til kompetanse

- Offentleg godkjent vernepleiar

- Det er krav om godkjent politiattest ved tilsetting. 

- Førarkort klasse B 

 

Ynskja erfaring

Det er også ein fordel med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming. Gode kommunikasjonsferdigheiter og datakunnskap er sjølvsagt.  
Vi håper også at du er nysgjerrig på velferdsteknologiske løysingar.  

Personlege eigenskapar vert vektlagt, med særskilt fokus på gode samarbeidsevner, samt evne til å ta ansvar i ein travel kvardag.

 

Lønsvilkår

Etter gjeldande lov og avtaleverk.

 

Vaksdal kommune tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar. 

For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 56 59 44 03/33

 

Om arbeidsgiveren

Vaksdal kommune har vel 4.100 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og
Bergen. Bergensbanen og E16 går gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå
Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk,idrett og lagsliv.
  • Sted: KONSUL JEBSENG. 16, 5722 Dalekvam
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

Vernepleier

Vaksdal kommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Sigrunn Stamnes Vik
  • Stillingstittel: Avdelingsleiar
Send melding
  • Kontaktperson: Maren Amanda Thorkildsen
  • Stillingstittel: Gruppeleiar
Send melding
  • Bli kjent med Vaksdal kommune
  • Hjemmeside

31 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

KONSUL JEBSENG. 16, 5722 Dalekvam

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 143079000
  • Sist endret 15.4.2019, 08:39
Rapporter annonse