Utløpt

Undervisningsinspektør Bryne skule

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Undervisningsinspektør
Frist
31.03.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søkjer

Ved Bryne skule er det ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør frå 01.08.2019.

Du kan vera med å leia ein skule som er oppteken av framgang i læring for alle elevar.

Dette skuleåret har me særleg fokus på å auke elevane sin motivasjon gjennom praktisk,

relevant, utfordrande og variert undervisning.

 

Som skule er me kunnskapssøkande og opptekne av kvalitet. Me har inngått

partnarskapsavtale for praksisopplæring av lærarstudentar ved UIS. På denne måten

sikrar me at me er oppdatert på det som skjer i lærarutdanninga, og det er også eit

viktig tiltak for rekruttering av nye lærarar til skulen vår. Bryne skule er med i

innovasjonen "Laget rundt lærar og elev" som er eit samarbeid mellom skule, PPT og

Helsestasjonen for å styrke elevane si psykiske helse og læring. 

Skuleåret 2019-2020 blir me med i Udir si nasjonale satsing "Inkluderande barnehage og skulemiljø".

 

Du vil bli del av vårt leiarteam som består av rektor, ass. rektor og to

undervisningsinspektørar. Å vera leiar hos oss betyr at du får ansvaret for å leia

lærarane si læring og utvikling på 1.-2. trinn, 3.-4. trinn, eller 5.-7. trinn.

Stillinga omfattar 60% til leiing, og 30- 40% til undervisning , alt etter kva kompetanse og kvalifikasjonar du har.

 

Me tilbyr

-  Eit leiarteam som er opptatt av å spela på lag, og gjera kvarandre gode

-  Eit kollegium som er opptekne av å finna løysingar saman

-  Eit kollegium med god trivsel og mykje humor

-  Eit kollegium med mangfald når det gjeld alder og kjønn

 

Om arbeidsplassen

Bryne skule er ein barneskule som ligg sentralt i Bryne med 480 elevar og ca 75 tilsette

skuleåret 2018-19. I Time kommune brukar me digitale verktøy for å styrka læringa

til elevane, og for å få til ei meir tilpassa opplæring.  Alle elevane har eige lærebrett (iPad)

som eit viktig læringsverktøy. Bryne skule er del av "Jærskulen", som er eit forpliktande og

tett skulesamarbeid mellom kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time. Bryne skule er i nettverk

med Varhaug skule, Kleppe skule, Bore skule og Rosseland skule.

 

Om arbeidsoppgåvene

-  Ansvar for dagleg oppfølging og pedagogisk utviklingsarbeid

-  Praktisera leiarvandring

-  Timeplanar og ressursfordeling til trinna

-  Ansvar for å skaffa og følgja opp vikarar

-  Oppfølging av lærebrett; organisering og pedagogisk ansvar på dine trinn

-  Oppfølgingsansvar i forhold til overgang frå barnehage til barneskule, eller barneskule til ungdomsskule

 

Kvalifikasjonar

-  Pedagogisk utdanning, minst 3 års undervisningserfaring i skulen, og med vidareutdanning i

    skuleleiing (eller ønskje om å ta dette)

-  Eit inkluderande og positivt elevsyn

-  Utdanning eller god realkompetanse innan IKT- området, med særleg vekt på pedagogisk

   bruk av lærebrett i undervisninga.

-  Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert, og til å vera fleksibel og løysingsorientert

-  Mot til å meina, er tydeleg, robust og engasjert

-  God pedagogisk forståing, og blikket retta mot skulen i framtida

-  Gode samarbeidsevner, og likar å arbeida på lag med andre

-  Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

 

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved

attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om

ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

 

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte

til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

 

Kontaktperson

Heidi Barvik, Rektor, tlf: 51776402, mobil: 91374319, heidi.barvik@time.kommune.no

Om arbeidsgiveren

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sektor
Offentlig
Sted
OLA BARKVEDS VEG 16, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

barn, oppvekst

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heidi Barvik
Stillingstittel
Rektor
Telefon
51 77 64 02
91 37 43 19
Følg firma
605 følger dette firmaet

OLA BARKVEDS VEG 16, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 142466377
Sist endret 2. apr. 2019 00:16

Rapporter annonse