Utløpt

Barne/ungdomsbibliotekar med spanande arbeidsoppgåver i ny kommune

Arbeidsgiver
Radøy kommune
Stillingstittel
Bibliotekar
Frist
31.03.2019
Ansettelsesform
Fast

Kort om stillinga
Frå 1. april 2019 har vi ledig 100 % stilling som barne/ungdomsbibliotekar i Radøy kommune.Radøy kommune går inn i Alver kommune 1. januar 2020. Biblioteket i den nye kommunen vil ha tre likestilte avdelingar på Frekhaug, i Knarvik og på Manger, med kvar sine ansvarsområde. Avdeling Manger vil få ansvaret for utviklinga av barnebibliotektilbodet i den nye kommunen. Fast arbeidsplass er lokalisert til Manger, samstundes som barnebibliotekaren vil arbeide ut om mot dei andre avdelingane, bokbussen, skulane og bokbåten og inngå i leiargruppa for biblioteket.

Vil du vite meir om stillinga, snakk med Marit Gro Berge, mobil: 948 16 111, tlf: 56 37 54 24 / 56 17 10 85, marit-gro.berge@lindas.kommune.no

Ansvar og arbeidsoppgåver
I hovudsak vil arbeidsoppgåvene bestå i:
- Administrasjonsoppgåver lagt til avdelinga.
- Planlegging og utvikling av barne- og ungdomsbibliotekstilbodet i kommunen i samarbeid med avdelingsleiar, bibliotek.
- Daglege driftsoppgåver, inkludert ei seinvakt i veka og laurdagsvakt kvar tredje laurdag.
- Formidling av barnelitteratur til klassar og grupper.
- Planlegging og gjennomføring av arrangement for barn og unge i samarbeid med arrangementsansvarleg.

Kompetanse
- Fagutdanna bibliotekar, gjerne med tilleggskompetanse i barnelitteratur og barnebibliotekverksemd
- Relevant røynsle frå barnebibliotek  
- Kreativ og initiativrik
- Interesse for formidling og bruk av digitale plattformer
- Glad i samarbeid
- God skriftleg framstillingsevne (nynorsk)

Vi kan tilby
Ei spanande stilling i eit prosjektretta og godt arbeidsmiljø.
Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.

Du kan sende søknad slik
Send søknad elektronisk via Visma rekruttering.  Bruk portalen på www.radoy.kommune.no under ledige stillingar. Attestar og vitnemål kan du laste opp til søknaden eller du tar dei med til eit eventuelt jobbintervju. Ta kontakt med sørvistorget tlf 56 34 90 00 viss problem med å registrere deg som søkar.


Om arbeidsgiveren

Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune! Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ei av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
5936 Manger
Bransje
Arkiv og bibliotek,
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
Innkjøp/forhandling,
Planlegger

Nøkkelord

bibliotekar, acos, litteratur, utvikling, bibliotek

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit-Gro Bergen
Stillingstittel
Biblioteksjef Alver kommune
Telefon
56 37 54 24
Følg firma
38 følger dette firmaet

5936 Manger

Annonseinformasjon

FINN-kode 142446928
Sist endret 2. apr. 2019 00:16

Rapporter annonse