Utløpt

Mulig ledige stillingar som lærarar i Øygarden kommune , Skuleåret 19/20

Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Stillingstittel
Lærarar
Frist
01.04.2019
Ansettelsesform
Fast

Kort om stillinga
Ved skulane i Øygarden kommune kan det verta ledige stillingar for lærarar frå 01.08.2019
Det kan også verta ledige stillingar ved vaksenopplæringa og som morsmålslærar i grunnskulen.

Nærare opplysingar om stillinga, får ein ved å venda seg til:
Toftøy skule Tlf. 56 38 55 51
Rong skule Tlf. 56 38 50 20
Blomvåg skule Tlf. 56 38 24 50
Tjeldstø skule Tlf. 56 38 55 00
Øygarden ungdomsskule Tlf. 56 38 77 25

Kvalifikasjonar for stillinga
Lærar med kompetanse for både barneskule og ungdomsskuletrinn
Alle grunnskulefag kan vera aktuelle, også spesialpedagogisk kompetanse
Øygardsskulane ønskjer tydeleg klasseleiarar som har fokus både på fag og heile læringsmiljøet
Menn vert oppmoda til å søkja

Me tilbyr
Løn etter tariff

Søknad
Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing kring
søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget på tlf: 56 38 20 00.

Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Medlemskap i pensjonsordning hos KLP eller SPK. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Øygarden
kommune er IA- verksemd.

Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har
oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom
søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.

Den som får tilbod om stilling skal levera politiattest ikkje eldre enn 3 månader, jf. opplæringsloven § 10-9 første og
andre ledd, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.

Rett kopi av attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med ved evt. intervju.


Søknadsfrist 01.04.2019 Utlyst dato 11.03.2019 Vårref 245

Kontaktperson
Rune Landro, Kommunalsjef barnehage- og skule, mobil: 93817044, Rune.Landro@oygarden.kommune.no

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er ein framtidsretta kyst- og industrikommune nordvest for Bergen med
omlag 5000 innbyggjarar. Reisetida frå Bergen til kommunesenteret på Rong er 40 minutt.
Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman frå 2020. Nye Øygarden kommune vert då den nest største kommunen i Hordaland med 40 000 innbyggjarar. Dei tre kommunane samarbeider allereie tett. Etablering av vår nye kommune er eit omstillings- og utviklingsprosjekt som vil få stor betydning for både innbyggjarar og tilsette. Me søkjer etter medarbeidarar som ønskjer å vera med på laget.

Sektor
Offentlig
Sted
TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

lærar, adjunkt, lektor, undervisning, skule

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Landro
Stillingstittel
Kommunalsjef
Telefon
93 81 70 44
Følg firma
131 følger dette firmaet

TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong

Annonseinformasjon

FINN-kode 142229885
Sist endret 3. apr. 2019 00:15

Rapporter annonse