Utløpt

Sjukepleiarar / vernepleiarar til Vardheia omsorgsbolig

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar / vernepleiar
Frist
07.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søkjer

I Vardheia omsorgsbolig har me ledig 100% sjukepleiar / vernepleiar stillingar med arbeid kvar 4. helg med langvakter. Me søkjer sjukepleiarar / vernepleiarar med sterk sjukepleiefagleg kompetanse, som ønskjer fagleg utvikling og likar varierte utfordringar.

Me tilbyr

Ein givande jobb i eit godt arbeidsmiljø med moglegheit til eiga personleg utvikling.

Om arbeidsplassen

Vardheia er ein del av miljøtenesta i kommunen og gjer heildøgns- teneste til 6 brukarar i alderen 19-68 år. Det er 27 årsverk knytta opp mot avdelinga.

I Vardheia jobbar me aktivt for å gi brukarane best muleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte, med fokus på sjølvbestemmelse og fellesskap i samarbeid med pårørande.

Me jobbar for å halde eit høgt fagleg nivå, og har etiske refleksjonssamlingar. Dette gjer oss meir bevisste på kvifor me gjer som me gjer, og minner oss på at me alltid skal ha brukaranes beste i fokus.

Eit positivt arbeidsmiljø med respekt for kvarandre er viktig. Me skal gjera kvarandre gode og er opptatt av at alle skal trives på jobb. Slik gjer me også ein betre jobb for brukarane våre.

Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukermedverknad. Miljøtenesta i Time kommune har eigen fagutviklar, som har fokus på kompetanse, brukarsikkerheit og kvalitet. Avdelinga samarbeidar tett med spesialisthelsetenesta og fastlegane.

Avdelinga ligg 5 minutt gå-avstand frå togstasjonen på Bryne.

Om arbeidsoppgåvene

-  du har ansvar for helsefaglege observasjonar, tiltak og oppfølging av brukarar.
-  du må kunne samarbeida med pårørande og sikre at brukermedverknad ivaretas.
-  du må kunne arbeida både sjølvstendig og i team.
-  du bidrar til å sikra forsvarlig pleie- og omsorgstjenestar, og at oppgåver utføres i tråd med kvalitetskrav og lovverk.
-  du sørgjer for at nødvendige rutinar og prosedyrar er utarbeid og oppdatert.
-  du er med og bidrar til at me beheld eit godt arbeidsmiljø.
-  du likar utfordrande arbeidsoppgåver med spesielt fokus på miljøarbeid og aktivitet for våre brukarar.
-  det inngår i stillinga at du har primærkontakt-ansvar, medisinansvar og sikrar eit godt samarbeid med fastlege,
spesialisthelsetjenesta etc.

Kvalifikasjonar

-  norsk autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar
-  gode datakunnskapar
-  interesse for å arbeida med oppfølging av somatiske sjukdommar hos personar med utviklingshemning
-  sterk sjukepleiefagleg kompetanse
-  fagleg og personleg eignetheit blir vektlagt
-  autoriserte helsefagarbeidarar og andre med relevangt erfaring kan også søkje

Andre krav

Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2. Det er krav om politiattest ved tilsetting.

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

 

Om arbeidsgiveren

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Vardheivegen 8, 4340 Bryne
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

omsorgsbolig, sykepleier, vernepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eli Westerlund Goodwin
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
47 17 23 07
Følg firma
608 følger dette firmaet

Vardheivegen 8, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 141997375
Sist endret 9. apr. 2019 00:15

Rapporter annonse