Utløpt

Vil du hjelpe oss å bli endå sikrare og grønare?

Arbeidsgiver
Hydro Aluminium AS
Stillingstittel
Leiar for HMS & Kvalitet
Frist
13.03.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Hydro

Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden. Fabrikken har i dag omlag 260 tilsette og produserer 95.000 tonn/år aluminium som blir støypt ut som pressbolt.

Me står framfor ei spennande tid i lys av Hydro si avgjerd om oppgradering og restart av ny produksjonslinje (B-hallen) på Husnes. Dette inneber ei fordobling i produksjonen med forventa oppstart i 2020, og høg aktivitet på Husnes i dei komande åra.

No har me ei ledig stilling som einingsleiar for HMS og kvalitet (HMS&K) ved fabrikken. Dette er ei sentral og spennande rolle i eit operativt miljø prega av vekst, med fokus på helse, miljø, sikkerheit og kvalitet. Me søkjer ein person med høgt engasjement og stor gjennomslagskraft, som også vil ha mange kontaktar utanfor fabrikken som del av eit stort, fagleg nettverk i Hydro.

Ansvarsområde

Som einingsleiar HMS&K vil du ha ansvar for å skape kontinuerlege, varige HMS-forbetringar og ein god sikkerheitskultur på fabrikken. Som prosesseigar for HMS&K vil du jobbe med både system og menneskjer, og vere fabrikkens representant mot myndigheiter og Hydro sentralt.

Nokre sentrale oppgåver vil vere å:

  • Støtte einingane i arbeidet med å oppnå gode HMS&K-resultat
  • Sjå til at HMS&K-arbeidet er godt integrert på tvers av einingar og i vårt forretningssystem
  • Ha overordna leiaransvar i eiga eining med fagleg spennvidde
  • Delta i å planlegge og følge opp forretningsplan og KPIar, med spesielt fokus på HMS&K
  • Følge opp at organisasjonen arbeider i tråd med reglar, prosedyrer og sertifiseringar
  • Bidra til god kommunikasjon og samarbeid på tvers
  • Vere ein aktiv, kritisk og konstruktiv deltakar i leiargruppa

Kvalifikasjoner

  • Utdanning på høgskule/universitetsnivå innan HMS, kvalitet eller tekniske disiplinar. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Minimum fem år erfaring frå arbeid med HMS/innan driftsleiing, gjerne frå stor industribedrift
  • Erfaring som leiar med personalansvar er ein fordel
  • Vist evne til å identifisere forbetringar og gjennomføre endringar 
  • Meistre norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Denne stillinga passar deg som trivs ute i felten i samspel med andre. Du er operativ og kommuniserer på ein måte som gir deg gjennomslagskraft og integritet.

Tilleggsinformasjon

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydros daglege verksemd. Det er vårt ansvar å verne om helsa og sikkerheita til våre tilsette, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei nærmiljøa vi opererer. Vi søkjer derfor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar og -handlingar.

Hydro Husnes ligg i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med særs gode oppveksttilhøve for born og ungdom. Området kan by på heile spekteret frå idyllisk skjergard til høgfjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktivitetar både sommar- og vinterstid.

Me aksepterer berre elektroniske søknader via www.hydro.com. Ver venleg, legg ved alle relevante vitnemål, diplom og sertifikat.

I rekrutteringsprosessen vil me bruke Semac bakgrunnssjekk.

Om arbeidsgiveren

Hydro er eit fullt integrert aluminiumselskap med 35.000 tilsette i 40 land på alle kontinent, med lokal ekspertise, verdsomspennande verksemd og eineståande kompetanse på FoU. I tillegg til produksjon av primæraluminium, valsa og ekstruderte produkt og resirkulering, driv Hydro med utvinning av bauksitt, raffinering av alumina og produksjon av energi, noko som gjer oss til det einaste selskapet som dekkjer alle områder av den globale aluminiumsindustrien. Med utgangspunkt i over 100 års erfaring med produksjon av fornybar energi, teknologi og innovasjon, tek Hydro sikte på å gje større livskraft til kundane vi tener og samfunnet vi er ein del av, gjennom å bygge ei berekraftig framtid med nyskapande løysningar basert på aluminium.


 

Sektor
Privat
Sted
Onarheimsvegen 54, 5460 Husnes
Bransje
Metaller og mineraler
Stillingsfunksjon
HMS,
Kvalitetssikring,
Ledelse

Nøkkelord

Sikkerhet, Drift, Produksjon, Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johan Berg
Stillingstittel
Fabrikksjef
Telefon
97 08 87 39
Følg firma
2740 følger dette firmaet

Onarheimsvegen 54, 5460 Husnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 140717068
Sist endret 13. mar. 2019 01:00

Rapporter annonse