Utløpt

Kontrollingeniør, drift -og vedlikehald, Bergen

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Kontrollingeniør,
Frist
03.02.2019
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Ved vegseksjon Bergensområdet, drift - og vedlikehaldsgruppa, har vi no ledige stillingar som kontrollingeniør.

Seksjonen har ansvar for store og små investeringsprosjekt, samt drift -og vedlikehald av riks- og fylkesvegane i Bergen og omkringliggande kommunar.  

Seksjon har kontorstad i Bergen sentrum og er  i dag vel 50 tilsette. Stillingane inngår i den regionale byggherrepoolen. 

Arbeidsoppgåver

Drift- og vedlikehaldsgruppa har m. a ansvar for ein av dei største driftskontraktane i Noreg. Kontrakten omfattar vel 800 km veg og dekkjer delar av E16 og E39. Som kontrollingeniør har du ansvar for oppfølging og kontroll av entreprenøren sitt arbeid, herunder stikkprøvekontroll og utarbeiding av kontrollplanar, samt ulikt dokumentasjonsarbeid.


Kvalifikasjonskrav

Utdanning frå universitet/ høgskole min. 3 år. eller 2-årig teknisk fagskole med fagkrins innan bygg-/anlegg. Utdanningskrava kan avvikast, for søkjarar med omfattande og relevante erfaring innan fagområda og elles gode føresetnadar for stillinga.

Det vil vere ein fordel med erfaring frå fagområdet, men nyutdanna med relevant fagkrins vil verte vurdert.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B). Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattearbeid, må påreknast  

Du må ha gode kommunikasjonseigenskapar, både munnleg og skriftleg. Evne til å skapa godt samarbeid med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast med å arbeide både ute og på kontorplassen.

Vi vektlegg:

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig 
  • Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kontraktsarbeid
  • Generelt gode datakunnskapar
  • Ryddig, strukturert skriftleg framstillingsevne
  • At du trivst med lagarbeid og kan skape gode resultat saman med andre
  • At du aktivt er med å skape eit triveleg og godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.


Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiar Håkon Toverud på tlf. 55516228/ 91749175.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

 

 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging
Følg firma
446 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 138359181
Sist endret 18. jan. 2019 14:40

Rapporter annonse