Utløpt

Er du ein av våre nye museumsverter?

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Norsk vegmuseum søker etter to museumsverter til høvesvis 40 % og 50 % fast stilling
Frist
01.02.2019
Ansettelsesform
Fast
Norsk vegmuseum

Norsk vegmuseum er etatsmuseet til Statens vegvesen. Museet blei opna i 1992, og er lokalisert på Hunderfossen i Lillehammer kommune. Museet har overordna ansvar for museumsarbeidet i Statens vegvesen, medrekna verneverdige vegar og bruer som etaten eig. Museet har omkring 25 faste medarbeidarar. Museet har service- og rådgjevingsansvar overfor Statens vegvesen og har eit breitt kontaktnett innan etaten. Museet har ope heile året og byr på historisk og teknisk veghistorie i eit spennande ute- og innemiljø. Vi har ei rekke faste og skiftande utstillingar innomhus, og eit stort friluftsmuseum på 300 mål. Store delar av året har vi open landhandel, servering i gjestgiveriet og ei rekke arrangement for store og små. Museet har gode besøkstal og mange spennande oppgåver.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som kan påverke både struktur og oppgåvesamansetning. 


Arbeidsoppgåver og ansvar
  • Førstekontakt med brukarane våre
  • Formidling av kjerneverksemda til museet
  • Oppgåver knytte til resepsjon, museumsbutikkar, arrangement og det generelle publikumstilbodet vårt

Andre påkommande oppgåver kan bli lagde til stillinga

Arbeidstid

Ulagleg arbeidstid må påreknast knytt til mellom anna tilkalling til omvising av grupper og møteromsutleige på helg og kveld. Museumsvertane jobbar etter vaktliste etter behovet ved museet gjennom heile året. Arbeid i helg og høgtider inngår i denne.


Kvalifikasjonskrav
  • Fullført 3-årig vidaregåande skule eller relevant fagbrev. Omfattande og relevant erfaring innanfor de aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning
  • God munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad. Beherskar du i tillegg eit tredje språk, er det ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Kunnskap og interesse for køyretøy/teknikk og historie vil bli lagd vekt på

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønsker vi ei autorisert omsetting av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).


Vi ser etter ein medarbeidar som
  • Likar å vere i kontakt med publikum og yte god service
  • Er ansvarsbevisst, løysingsorientert og påliteleg
  • Er sjølvstendig, men også god til å samarbeide med andre.
  • Viser fleksibilitet med tanke på arbeidsoppgåver og arbeidstid

Det vil bli lagd vekt på personlege eigenskapar som er viktige for stillinga.


Vi tilbyr
  • Varierte og utfordrande oppgåver i eit hyggeleg arbeidsmiljø på Norsk vegmuseum på Hunderfossen
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Lønn blir avtalt nærmare i samsvar med lønnspolitikken vår.


Vil du vite meir om stillinga kan du kontakte

leiar for administrasjon og drift, Randi Skjelsvold, mobil 959 79 381

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du blir i så fall varsla om dette.

Har du spørsmål ifm. utfyllinga av elektronisk CV, kan du kontakte kundeservice hos Jobbnorge på epost: kundeservice@jobbnorge.no eller ringe på tlf. 75 54 22 20


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å legge arbeidsfoholda til rette dersom du har behov for det.

 

 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Hunderfossveien 757, 2625 Fåberg
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Kundeservice,
Hotell og overnatting / Resepsjon,
Annet
Følg firma
395 følger dette firmaet

Hunderfossveien 757, 2625 Fåberg

Annonseinformasjon

FINN-kode 137811291
Sist endret 23. jan. 2019 10:29

Rapporter annonse