Utløpt

Teknisk rådgjevar innan køyretøy ved Tilsynsseksjonen i Stavanger

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Teknisk rådgjevar
Frist
03.02.2019
Ansettelsesform
Fast
Teknisk rådgjevar innan køyretøyved Tilsynsseksjonen i Stavanger

Tilsynsseksjonen på Trafikant- og køyretøyavdelinga i Region vest søkjer etter ein ny medarbeidar. Statens vegvesen har ein viktig rolle som tilsynsorgan ovanfor trafikkskular, bilverkstader og kontrollorgan for å auke trafikktryggleiken, samt å sikre at konkurransen skjer på like vilkår og at forbrukarane sine rettar vert ivaretekne.

Vi har no behov for ein dyktig fagperson til arbeidet med godkjenning og tilsyn med kontrollorgan og køyretøyverkstader. Kontorstaden er i utgangspunktet Stavanger, men ein må i noko grad utføre arbeid i heile regionen og difor rekne med litt reiseverksemd.


Arbeidsoppgåver

Er du den rette kan vil tilby varierte og spanande arbeidsoppgåver. Oppgåvene vil hovudsak vere godkjenning og tilsyn med verkstader/kontrollorgan og stikkprøvekontrollar av periodisk køyretøykontroll (EU-kontroll).  I tillegg vil det kunne bli kontroll av storskadereparasjonar. Ei viktig oppgåve innanfor tilsynsarbeidet er å gi informasjon og rettleiing. I stillinga inngår også oppgåver knytt til den faglige utviklinga av tilsynsmetodikken og kvalitetsarbeid.


Kvalifikasjonar
  • Minimum 2 år relevant utdanning innan teknisk/mekaniske fag. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå fagområdet og gode personlege eigenskapar, kan kravet til utdanning fråvikast
  • Søkjar må ha erfaring frå bil- og verkstadbransjen, herunder utført EU-kontrollar
  • Søkjer må ha minimum førarkort klasse B
  • Det vil vere ein fordel med kompetanse for tyngre køyretøy
  • Det vil vere ein fordel med erfaring som bilopprettar/omfattande reparasjonar

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).


Vi ynskjer at du
  • kan arbeide systematisk og strukturert
  • har analytiske evner
  • kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • er god til å kommunisere, både skriftleg og munnleg
  • har pågangsmot og godt humør 

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • høve til vidareutdanning

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.


Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med seksjonsleiar Erlend Røysum på tlf. 95 87 00 45.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet.

Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Sektor
Offentlig
Sted
Christian August Thorings veg 12, 4033 Stavanger
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Mekanisk,
Revisjon og kontroll
Følg firma
446 følger dette firmaet

Christian August Thorings veg 12, 4033 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 137791820
Sist endret 11. jan. 2019 09:30

Rapporter annonse