Utløpt

Psykolog for barn og unge

Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Stillingstittel
Psykolog
Frist
30.01.2019
Ansettelsesform
Fast

Er du vår nye psykolog som vil arbeida førebyggjande og helsefremjande med våre born og unge i Austevoll?

 

 

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
 

Arbeidsstad
Helsestasjon og skulehelsetenesta  har 8 medarbeidarar og har som mål å drive førebyggjande og  helsefremjande arbeid for barn og unge og deira familiar. Trygge og friske barn og unge er vår visjon. Tenesta skal betre føresetnaden for god psykisk og fysisk helse ved å fremje trivsel, velvære og meistring av dei utfordringane menneske møter i kvardagen. Austevoll kommune inngår i eit tverrfagleg samarbeid med BUP Fana, Fusa og Austevoll, med faste samarbeidsmøter.
Psykologen vil vere organisert under Helsestasjon og skulehelsetenesta og rapportere til leiar av denne. Austevoll kommune har også ein psykologstilling knytt til eininga Psykiske helsetenester for vaksne.
 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

·         Driva førebyggjande og helsefremjande lågterskeltilbod for born og unge
·         Rettleiing av born og unge og deira føresette
·         Tverrfagleg samarbeid med helsesjukepleiar, skulelege, PPT og barnevern og eksterne
·         Rettleiing av andre faggrupper som helsesjukepleiarar, lærarar og barnehagetilsette
 
 
Kvalifikasjonar
Autorisert psykolog/psykologspesialist (minimum profesjonsstudium)
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Klinisk erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskeleg
Førarkort for personbil
Gyldig politiattest
Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er målretta, fleksibel og  evner å jobbe i team. Vidare må du:
 
ha eit stort engasjement for å hjelpe born og unge som slit psykisk
·         gode evner til samarbeid
·         ha stor arbeidskapasitet.
·         evne til organisering og sjølvstende
 

Etter ei prøvetid på 6 månader kan det verte aktuelt å lage ein kompetanseplan med mål om ei spesialisering og ein fagutvikling retta inn mot arbeidsfeltet.
 
 
Vi tilbyr:
·         Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og bredt fagmiljø som arbeider saman for felles mål
·         Spanande utfordringar
·         Løn etter kvalifikasjonar
·         Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.
Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

 

 

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune i Midthordland. Austevoll er landets største fiskerikommune, har svært høg næringsaktivitet, verdiskaping og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar. Nærleiken til Bergen gjer at rundt 700 bergensarar og andre naboar dagleg jobbpendlar til Austevoll. Vi har eit rikt kulturliv og kommunen har i dag omlag 240 fast tilsette som opptekne av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Austevoll kommune byggjer på verdiane truverd, respekt, openheit, mot og profesjonalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Iren Austevoll
Stillingstittel
Leiande helsesøster
Telefon
92 20 19 90
Følg firma
76 følger dette firmaet

Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 137787874
Sist endret 11. jan. 2019 08:24

Rapporter annonse