Topp moderne ungdomsskule treng ny leiar

Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Stillingstittel
Rektor Bremnes ungdomsskule
Frist
06.01.2019
Ansettelsesform
Fast

Frå 01.05.19 er det ledig 100% fast stilling som rektor ved Bremnes ungdomsskule (BUS). Leiinga ved skulen består av tre avdelingsleiarar saman med rektor. Kommunen er organisert som ein to-nivå kommune, der rektor har vide fullmakter og stort ansvar

 

Me kan tilby:

• 350 kreative, humørfylte og flotte elevar

• 50 profesjonelle og engasjerte kollegaer

• Ein ny og flott skule som stod ferdig våren 2018

• Eit ambisiøst og støttande skuleleiarnettverk i kommunen

 

Me søkjer ein rektor som:

• har engasjement til å skape gode læringsprosessar og utvikle eit godt læringsmiljø både for elevar og tilsette

• er god til å leie, inspirere og motivere andre

• har evne til å skape gode driftsrutinar for skulen

• har kjennskap til lov- og avtaleverk, og har god økonomiforståing

• kommuniserer godt med samarbeidspartnarar i og utanfor skulen

• har leiarerfaring frå skulesektoren

 

Krav:
• Vedkommande må ha pedagogisk utdanning og brei praksis i skulen.
• Relevant leiarerfaring/leiarutdanning er eit fortrinn. For aktuelle søkjarar som ikkje har dette, vil tilsetjing skje på vilkår av at ein er villig til å gjennomføra skuleleiarutdanning.
• Ny rektor som tiltrer må vere ein tydeleg, målretta og handlekraftig leiar som både formidlar forventningar og viser omsorg.
• Politiattest er påkravd.
• Løn etter avtale.

 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Om arbeidsgiveren

Bømlo kommune er ein godt utbygd øykommune i Sunnhordland med ca 12000 innbyggjarar. Kommunen har allsidige service- og kulturtilbod, vakker og variert natur og gode kommunikasjonstilhøve. Bømlo skal vere ein open og inkluderande kommune, prega av mangfald. Bømlo kommune er ein IA-kommune.

Bremnes ungdomsskule er den einaste "reine" ungdomsskulen i kommunen. Skulen ligg på Leite på Bremnes. Ungdomsskulen har elevar frå 6 barneskular: Svortland skule, Rubbestadneset skule, Foldrøy skule, Meling skule, Gilje skule og Våge skule. Bremnes ungodmsskule har omlag 70% av ungdomsskuleelevane i Bømlo.
For skuleåret 2018/19 er elevane fordelte på 13 klassar, pluss ein innføringsklasse for ungdommar som er nye i Noreg. 19.03.18 flytta ungdomsskulen inn i ny skule på Leite. Bremnes ungdomskule er ein ny og flott skule som me er veldig stolte over. Skuleåret 2018/2019 har skulen 352 elevar og 52 tilsette.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Idrettsvegen 91, 5430 Bremnes
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

rektor, skuleleiar

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Håvard Bjørklund
Stillingstittel
kommunalsjef - oppvekst, kultur og idrett
Telefon
53 42 30 54
97 50 04 32
Følg firma
25 følger dette firmaet

Idrettsvegen 91, 5430 Bremnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 135581035
Sist endret 8. jan. 2019 00:14

Rapporter annonse