Utløpt

Vil du bli ein del av eit team med dyktige assistenter.

Arbeidsgiver
Uloba - Independent Living Norge SA
Stillingstittel
Personlig assistent
Frist
12.10.2018
Ansettelsesform
Fast

 

Borgarstyrt personleg assistent (BPA), tilkalling/midlertidig. 

Jente på 16 år søker borgarstyrt personleg assistent (BPA). Som BPA fylgjer du jenta vår der ho er - heime, på skulen, bading og i sosiale situasjoner. Din jobb blir å assistere i alt frå matsituasjon og personlig pleie til kommunikasjon og trening.

Ikkje alle dagar er like gode, nokon dagar kan vere tøffe -då er det viktig å ha ein trygg og flink assistent.

Trening er viktig for å halde smerte vekke og for optimal utvikling  – dette er derfor ein stor del av kvardagen.

Kanskje er det akkurat deg me søker?

  • Lærevillig og flink å samarbeide
  • Ansvarsbevisst og påliteleg
  • Fysisk sterk

 

Du vil bli ein del av eit team med dyktige assistenter. 

Det er trong for assistent som kan jobbe ekstra ved fråvær hos dei andre assistentane. Det kan vere ved kortare og lengre sjukefråvær, ferieavvikling og anna. Høve for fast tilsetjing på sikt.

Trass hjelpemiddel vil det vere behov for å løfte/forflytte. Det er difor viktig at du er fysisk sterk.


Jenta vår nyttar symbolspråk. Som assistent vil du få opplæring i dette og vere ein viktig samarbeidspartner for at jenta vår skal kunne kommuniserer. Grunna stillingens art ynskjer me kvinnelege søkjarar. Me stiller ikkje krav til utdanning, då all opplæring vert gitt og personlege eigenskapar vert vektlagt. Det er likevel eit krav at du snakkar flytande norsk. Gyldig arbeidstillatelse er påkrevd og du må kunne leggje fram plettfri politiattest ved tilbod om stilling.

Søknadsfrist : snarast. Kun søkjarar som er aktuelle for intervju vert kontakta! 

Uloba vert din arbeidsgivar (www.uloba.no) og me foreldre har det daglege arbeidsleiaransvaret




 

Om arbeidsgiveren

Uloba – Independent Living Norge SA er en ideell organisasjon etablert som et samvirke. Vår politiske visjon er en verden der funksjonshemmede har frihet til livsutfoldelse, og deltar på alle samfunnets arenaer. Visjonen er grunnlaget for Ulobas BPA, som vi har utviklet til et verktøy for funksjonshemmede med assistansebehov som velger å ta ansvar og styring over sitt eget liv. Ulobas BPA gir optimal frihet og samfunnsdeltakelse. Uloba – Independent Living Norge SA har over 1300 medlemmer og forvalter arbeidsgiveransvaret for nærmere 6000 assistenter. Vi er landsdekkende med hovedkontor i Drammen

Sektor
Privat
Sted
5416 Stord
Bransje
Ideelle organisasjoner
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

BPA, Uloba, Assistanse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synnøve Kloster
Stillingstittel
Fungerende arbeidsleder
Følg firma
2518 følger dette firmaet

5416 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 128079220
Sist endret 31. aug. 2018 08:43

Rapporter annonse