Utløpt

Innkjøpskonsulent for Felles innkjøpskontor for Nord-Gudbrandsdalen

Arbeidsgiver
Vågå kommune
Stillingstittel
Innkjøpskonsulent
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Ved innkjøpskontoret er det ledig 100 % fast stilling som innkjøpskonsulent. Stillinga har utfordrande oppgåver innanfor eit kontor og fag i utvikling. Saman med innkjøpsleiar vil du legge ramane for korleis vi kan skape gode løysingar og korleis vi kan nytte kommunanes avtaler på best mogleg måte.

 

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:

                • Forvaltning av regionens avtaleportefølje, medrekna utvikle bruk av 

                  e-handelsløysing

                • Implementering og kontraktsoppfølging av rammeavtalar

                • Dialog og oppfølging av regionen sin leverandørmarknad

                • Identifisere behov for nye rammeavtalar og utvikling av sortiment

                • Ved behov, hjelpe kommunane i andre oppdrag som t.d. gjennomføring 
                   av mindre anskaffingar, delta i større anskaffingar eller prosjekt.

                • Vera ein sentral og tydeleg person som bidreg til at kommunane gjer gode
                   innkjøp

 I utviklinga av innkjøpskontoret og rolla som innkjøpskonsulent, kan arbeidsoppgåver endre seg.

 Vi søkjer etter person med:

                • Relevant utdanning

                • God formidlingsevne, samarbeidsevne og evne til å inkludera andre i 
                   prosessar

                • Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt

                • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

             

Vi tilbyr:

                • Godt arbeidsmiljø med tidsmessig utstyr

                • Utfordrande arbeidsoppgåver

                • Lønn og stillingsplassering etter ansvar og kvalifikasjonar

               

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Erik Lindseth - mobil: 470 24 500 eller e-post: erik.lindseth@vaga.kommune.no

 

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema som du finn på Vågå kommune si heimeside.. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller som ordinær post til Vågå kommune, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå.

 

Søknadsfrist:  02.09.18.

 

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

 

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off. lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.


Om arbeidsgiveren

Kommunar anskaffar årlig varer og tenester for ein betydeleg sum og som innkjøparar er dei ansvarlege for at dette går føre seg på ein god måte. Derfor har kommunane Sel, Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå etablert eit felles innkjøpskontor. Innkjøpskontoret er organisert som eit administrativt vertskommunesamarbeid og tenestestad er Vågå kommune.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
Bransje
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling

Nøkkelord

innkjøpskonsulent, forvaltning, kontraktsoppfølging, rammeavtaler, innkjøp

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik Lindseth
Stillingstittel
Innkjøpsleiar
Mobil
Vis telefonnummer

Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå

Annonseinformasjon

FINN-kode 126190883
Sist endret 20. sep. 2018 15:22

Rapporter annonse