Utløpt

Vil du bli dagleg leiar i BUL?

Arbeidsgiver
Bondeungdomslaget i Oslo
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
15.08.2018
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst å jobbe i ein organisasjon som driv med idrett, teater, folkedans, kor og målarbeid i sitt eige kulturhus midt i Oslo? Er du allsidig, strukturert, god til å administrere og med eit engasjement for frivillig organisasjonsarbeid? Då er kanskje du den rette til å bli ny dagleg leiar i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).

 

BUL er ein demokratisk styrt organisasjon der det er tett dialog mellom tillitsvalde, medlemmer og administrasjon. Det er seks tilsette i administrasjonen (4,8 årsverk), der to av desse er i Idrottslaget. Dagleg leiar er styresekretær og har ansvar for alt frå små og store praktiske oppgåver, prosjekt og arrangement, til utleige, husadministrasjon, økonomi, avtalar og utviklings- og strategiarbeid.

 

Vi ønskjer ein person som i samspel med styret og dei tilsette skal vere med på å utvikle laget og aktivitetane, og huset som kulturhus, og du vil difor i noko grad kunne påverke organisering og innhald i stillinga avhengig av bakgrunn og kompetanse.

 

Dette er dei viktige ansvarsområda:

  • leiing av kontoret og organisasjonen, for å nå laget sine overordna mål  i strategiplan og handlingsplan

  • styresekretær med saksutgreiing og oppfølging av vedtak

  • rekneskap og økonomisk oppfølging

  • organisering av kontoret og personalleiing

  • hus- og arrangementsoppfølging

  • koordinering og oppfølging intert og eksternt

  • deltaking i interne og eksterne fora

 

Vi søkjer deg som:

  • har høgare utdanning og/eller relevant arbeidserfaring

  • har dokumentert leiarerfaring

  • er sjølvstendig, strukturert og har administrativ erfaring

  • har økonomikompetanse og forstår rekneskap

  • gjerne har erfaring frå kulturorganisasjonar og prosjektarbeid

  • har engasjement for frivillige aktivitetar og organisasjonsarbeid

 

Vi har nynorsk som administrasjonsspråk, og jobben krev god skriftleg framstillingsevne.

 

Praktisk om stillinga:

- noko kveldsarbeid må påreknast

- løn etter avtale

- personalkantine og rabattordningar

- ønskja start 1. oktober


Om arbeidsgiveren

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) vart skipa i 1899 for å vere ein trygg møteplass for innflyttarar til hovudstaden . I dag, over 100 år etter, driv vi dei same aktivitetane, men du treng ikkje vere innflyttar for å bli med. Vi har om lag 700 medlemmer i alle aldrar i fire aktivetsgreiner (særlag), Idrottslaget (500 medl.), Songlaget (kor, 35 medl.), Teaterlaget (25 medl.) og Leikarringen (100 medl.). BUL er kjend for Sentrumsløpet, folkedans og brusteinsball på 17. mai, nynorsk teater og kor som fokuserer på folketonar og nynorske songar. Teatersalen/Nynorsken hus er eit lite kulturhus med ei rekke interne og eksterne arrangement.

BUL eig Rosenkrantz' gate 8 og forretningsverksemdene Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husfliden. Vi har to hytter; Røkleivhytta i Nordmarka og Bondehytta i Nittedal. BUL er både eit ungdomslag og eit mållag og er difor lokallag i Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag (NM). IL er med Idrettsforbundet og Songlaget i Korforbundet. Saman med NU og Det Norske Teatret eig vi Den mangfaldige scenen AS. BUL er største einskildaksjonær i Det Norske Teatret, og saman med ei rekke nynorskorganisasjonar er vi med i Nynorsk forum.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Sted
ROSENKRANTZ' GATE 8, 0159 Oslo
Bransje
Ideelle organisasjoner
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap,
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Terje Svindseth
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Kari Bøyum
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
Vis telefonnummer

ROSENKRANTZ' GATE 8, 0159 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 124542480
Sist endret 27. aug. 2018 14:54

Rapporter annonse