Utløpt

Er du Fjell kommune sin nye lærling?

Arbeidsgiver
Fjell kommune
Stillingstittel
Lærling
Frist
28.02.2018
Ansettelsesform
Lærling
Fagområde

Barne- og ungdomsarbeidarfag
Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere med å bidra til tilrettelegging og gjennomføring av pedagogisk tilbod for barn og unge i alderen 0-18 år. Du skal vere med å fremme fellesskapet og samhaldet i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.

Opplæringa skal leggje til rette for å kunne tilpasse det pedagogiske tilbodet til ulike aldersgruppar, funksjonsnivå og livssituasjonar. Du skal vise til god kommunikasjon og samhandling i lag med barn, unge og føresette.

Læretid
Læretida kan variere i tid. Den er fordelt på barnehage, SFO, skule og ungdomsskule.

Kor kan du få arbeid?
Barnehage, skule, SFO, ungdomsskule og ungdomsklubb.

Kontorfag
Lærlingane i dette faget held til i Fjell rådhus under Servicetorgssjefen. Oppgåvene er varierte, og ein er innom fleire avdelingar som; personal, økonomi og plan- og utbygging.

I servicetorget arbeidar lærlingane med postføring/journalføring, telefonsentral, kundekontakt, sortering av post m.v. Lærlingane får innblikk i personaloppgåver, økonomi, barnehagemynde, informasjon, politikk- og næringssenter.

Læretid
To års læretid på rådhuset i Fjell kommune.

Kor kan du få arbeid?
Kommunal, offentleg eller privat bedrift.

IKT-faget
IKT-lære i Fjell kommune byr på utvikling frå første dag. IKT-avdelinga tel knapt 10 personar, lærlingane er derfor heilt sentrale i drifta og har blitt varemerket vårt for god service. Du får raskt prøvd deg i helpdeskaktivitet som blir basen din for læring av mange slag. Som kommune har vi eit komplekst IT-driftsmiljø – Er du interessert, kan du i løpet av læretida læra svært mykje om IKT-drift og service!

Læretid
To års læretid på IKT-avdelinga på rådhuset i Fjell kommune.

Kor kan du få arbeid?
Privat eller offentleg bedrift.

Helsefagarbeidar
Som helsefagarbeidar utførar du omsorg, grunnleggjande sjukepleie og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta. Du skal møte pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte, og bidra til å fremme trivsel, fysisk og psykisk helse og ivareta brukarmedverking og pasientrettigheiter.
Opplæringa i lærefaget skal utvikle evna til å møte menneske med ulik kulturell bakgrunn i ulike livssituasjonar og med ulik evne og mogeleg for kommunikasjon.

Læretid
Læretida kan variere i tid. Læretida kan vere på institusjon, praksis i heimetenesta, arbeid med psykisk utviklingshemma og praksis på sjukehus.

Kor kan du få arbeid?
Heimetenesta, omsorgsbustader for psykisk utviklingshemma, sjukeheim, dementavdeling, innan rusomsorg, trenings- og aktivitetssenter, dagsenter, verna bedrift og sjukehus.

Institusjonskokk
Ein institusjonskokk er ein kokk som arbeidar på store institusjonar kor det er lagt opp til effektiv og hygienisk produksjon av store mengder mat. Slike institusjonar kan vere sjukehus, forsvaret, eldresentre, fengsel o.l. Institusjonskokken skal kunne laga mat som giv positive opplevingar, til friske og sjuke.

I helse- og omsorgssektoren er institusjons-kokken ein viktig ressurs for å gje gode og næringsrike måltider. Institusjonskokken er med på å skape trivsel og hygge for sine kunder i en kvardag der maten ofte er det største høydepunktet i kvardagen. Den største utfordringen en institusjonskokk har er å lage ernæringsriktig og velsmakende mat til mange mennesker på en gang.

Læretid
To år på Fjell sjukeheim, kjøkkenet.

Kor kan du få arbeid?
Privat eller offentleg bedrift.

Byggdriftarfaget
Opplæringa i byggdrifterfaget skal bidra til å dekke behova for å oppnå trygge bygg for næring, oppvekst, omsorg og bustader som ivaretar folkehelsa.

Hovudområdet handlar om drift, kontroll og ettersyn av bygningar, VVS-installasjoner, elkraftinstallasjoner, tele- og automatiserings-installasjoner og anna innandørs og utandørs installasjoner.

Vidare handlar det om løpande og førebyggjande vedlikahald og enkle reparasjonar som ikkje krever anna spesiell fagkompetanse. Andre oppgåver er energiovervåking, energiøkonomisering, avfallshandtering, førebyggjande tiltak, dokumentasjon og dataverktøy.

Læretid
Læretida er tre års opplæring i bedrift, kor eit år er verdiskaping.

Kor kan du få arbeid?
Privat eller offentleg bedrift.

Kvalifikasjonar
•Godkjent eksamen, grunnkurs og
•VK1

Personlege eigenskapar
•Gode samarbeidsevner
•Ansvarsmedviten
•Open og ærleg

Generell informasjon
I nokre av arbeidsområda er det krav om politiattest. Vi treng dyktige fagutdanna medarbeidarar, som er motiverte og engasjerte i faget sitt!

Om tilsetjingsvilkår og søknad
Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema på www.fjell.kommune.no.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist
28.02.2018

Kontakt
•Barne- og ungdomsarbeidar
Nina Høiem tlf. 55097235
•Kontorfag:
Kristine Melsbø tlf: 55097037
•IKT-faget:
Hans-Christian Nordhus tlf. 55097081
•Helsefagarbeidar | Institusjonskokk:
Bente Våge tlf. 55096825
•Byggdriftarfaget
Harald Polden tlf. 959 10 602

Om arbeidsgiveren

Fjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

I Fjell kommune har vi trygge og gode arbeidsstader for 80 lærlingar. Dei får variert og god opplæring, dyktige rettleiarar og nettverksmøter.

Vi har mange barnehagar og skular, institusjonar innan helse og omsorg, servicetorg, IKT-avdeling, storkjøkken og eigedomsavdeling.

Du får løn i læretida.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
80
Sted
Foldnesvegen 1, 5342 Straume
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Annet
Følg firma
80 følger dette firmaet

Foldnesvegen 1, 5342 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 112310474
Sist endret 17. jan. 2018 14:47

Rapporter annonse