Utløpt

Spennende prosjektstilling

Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Stillingstittel
LOS-koordinator/prosjektmedarbeidar
Frist
04.02.2018
Ansettelsesform
Engasjement

Kort om stillinga

Familiens hus i Øygarden har ledig 80% prosjektstilling 2-3 år.

Øygarden kommune har fått midlar til å opprette ei prosjektstilling over 3 år. Tilskotet  skal bidra til at ungdom som er i ein vanskeleg livssituasjon, skal kunne  gjennomføre  vidaregåande opplæring. LOS-koordinator  skal ha ansvar for å gje ungdom mellom 13-23 år oppfølging, hjelpe dei  i kontakt med naudsynte (nødvendige) hjelpetenester og bidra til at hjelpen som blir gitt av skule eller andre aktørar er tilrettelagt.
Stillinga vil vere organisert under helsestasjonen, og vere del av eit tverrfagleg team.


Familiens Hus i Øygarden kommune inneheld tenesteområda Familiesenter, Helsestasjon, Psykisk helse, PPT og
Barnevern.
Føremålet med denne organiseringa er:
" Tidleg identifisere fysiske, psykiske og sosiale utfordringar hjå barnet og i familien.
" Sikre heilskapleg tenestetilbod og utvikla gode samordna og tverrfagleg service til brukarane.
" Utvikle kommunikasjons- og arbeidsmåtar der barn, unge og foreldre er delaktige.
" Skape gode oppvekstvilkår for familien, barn, unge og vaksne.

Oppgåver
" Arbeid med ungdom i alderen 13-23 år som er i risiko for ikkje å fullføre vidaregåande opplæring
" Samarbeid med foreldre, skular, NAV og anna hjelpeteneste

 

Kvalifikasjonar for stillinga
"  Høgskule/universitetsutdanning -  helse/sosialfag
"  Anna relevant utdanning eller erfaring

Me ser etter kandidatar som
" Har gode samarbeidsevner og godt humør
" Interesse og engasjement for ungdom
" Ansvarsbevisst og serviceinnstilt
" Evne til å arbeide sjølvstendig
" Vilje og evne til fleksibilitet
" Det vert lagt stor vekt på personleg eigenskap

Må disponera eigen bil i arbeidstida.
Fleksibel arbeidstid må påreknast.

Me tilbyr
" Løn etter avtale

Meir om søknaden
Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing kring
søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget på tlf: 56 38 20 00.

Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Medlemskap i pensjonsordning hos KLP eller SPK. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Øygarden
kommune er IA- verksemd.

Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har
oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom
søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.

Den som får tilbod om stilling skal levera politiattest.
Rett kopi av attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med ved evt. intervju.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er ein kystkommune i rask vekst nordvest for Bergen med nær 4800 innbyggjarar. Reisetida frå Bergen til tettstaden Rong er ca 40 minutt. I Øygarden finn du ilandføringsanlegg for olje og gass, store næringsareal og attraktive byggjetomter. Øygarden kommune har vore MOT-kommune sidan 2001. Blant dei tilsette vert MOT brukt for å byggje positivt arbeidsmiljø og gode tenester.

Sektor
Offentlig
Sted
TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Undervisning og pedagogikk / Veileder,
Sosionom

Nøkkelord

Ungdom, Tverrfagleg, LOS-koordinator, Prosjekt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anna Nesje Nes
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
56 38 54 40
Kontaktperson
Monica Rønhovde
Telefon
56 38 54 58
Følg firma
132 følger dette firmaet

TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong

Annonseinformasjon

FINN-kode 111984124
Sist endret 22. jan. 2018 13:28

Rapporter annonse