Utløpt

Rådmann

Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Stillingstittel
Rådmann
Frist
04.01.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Austevoll er ein kommune i vekst og utvikling. Dei siste åra har kommunen gjennomført ei stor modernisering og fått på plass nytt kommunehus, helsehus og brannstasjon. I tillegg har vi rehabilitert barneskular og jobbar også med andre store prosjekt som bygging av ny symjehall.

Me søkjer ein drivande og synleg rådmann som i godt samspel med politikarar, tilsette og lokalt næringsliv skal arbeide for å sikre vidare utvikling og gode tenester til innbyggarane våre.
Den nye rådmannen vår er ein engasjert og inkluderande leiar som blir motivert av å skape resultat og få til gode løysingar. Me ønskjer oss ein leiar som gler seg over medarbeidarar som lykkast, som kommuniserer godt og som kan skape og oppretthalde gode relasjonar.

Den nye rådmannen må ha god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag. Me ønskjer søkjarar med høgare utdanning, solid leiarerfaring/dokumenterte gode leiareigenskapar og kjennskap til forvaltingsarbeid. Erfaring frå offentleg sektor vil vere ein fordel, men anna leiarerfaring frå privat sektor kombinert med kjennskap til kommunale utfordringar kan også vere egna bakgrunn.

Me tilbyr stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein kommune med dyktige medarbeidarar og engasjerte innbyggjarar. Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til  Mercuri Urval ved Gro Reinertsen tlf. 975 59 058 eller Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036.
Alle førespurnadar til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskeleg også for oppdragsgivar.

Søk på stillinga på  snarast, og senast 04.01.2018.
Det vil bli utarbeid ei offentleg søkjarliste. Det vert vist til offentleglova § 25, andre ledd med omsyn til å bli unnateke off. søkjarliste.

Søk på stillingen HER via JobbNorge

 

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ein øykommune i Hordaland med 5200 innbyggjarar. Eit innovativt og særleg verdiskapande næringsliv, flott natur med 644 kilometer kystlinje og nærleik til Bergen har gjort Austevoll til ein attraktiv kommune å bu og virke i for innbyggjarar, pendlarar og tilreisande.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Løsningsorientert, Handlekraftig, Politikk, Leiereigenskapear

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Stillingstittel
Senior konsulent
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Ole Petter Bratteberg
Stillingstittel
Senior konsulent
Telefon
97 55 90 36
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2593 følger dette firmaet

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 110051659
Sist endret 11. des. 2017 16:05

Rapporter annonse