Utløpt

Assisterande einingsleiar - Tenester for utviklingshemma

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Assisterande einingsleiar
Frist
04.12.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Teneste for vaksne utviklingshemma i Os kommune består av seks bufellesskap og eit dagsenter, samt buoppfølging til ein del heimebuande tenestemottakarar. Eininga har tilsette tilsvarande om lag 117 årsverk.
Dei siste åra ser vi ein stadig vekst i tenestene, både i omfang og i kompleksitet. Det faglige bredda er stor, og det er stort fokus på utvikling og systematisk kvalitetsforbetringsarbeid.

No søkjer vi etter assisterande einingsleiar for tenesta. Stillinga er fast og ledig frå snarast.
Stillinga er på dagtid, 37,5 t/v.


Stillinga si nærast organisatoriske plassering
Næraste overordna er einingsleiar

Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis utdanning som vernepleiar, anna relevant utdanning kan verta vurdert dersom du har relevant erfaring for stillinga.
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning.
- Erfaring med målretta miljøarbeid med menneske med utviklingshemming.
- Erfaring som leiar.
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Oppgåver tillagt stillinga
- Vere med å utvikle tenstene til utviklingshemma i Os kommune.
- Vere med å vidareutvikle eininga som organisasjon.
- Ha fagleg tilnærming til tenesteytinga, og fokus på drift og personale.
- Tett samarbeid med einingsleiar og avdelingsleiarar.
- Leiaransvar for ressursgrupper innan sentale fagområde i tenesta.
- Koordinere praksisplassar for elevar og studentar.
- Ansvar for delar av rekrutteringsarbeidet i eininga.
- Stadfortreder for einingsleiar.

Vi ønskjer leiar med
- Interesse for og erfaring frå leiing.
- Stort engasjement for og solid erfaring frå arbeid med utviklingshemma.
- Tydelig og god relasjonskompetanse.
- Gode kommunikasjons-  og samarbeidsevner, og har evne til å tenke heilskap.
- Er ryddig og har evne til å arbeide sjølvstendig og planmessig. 
- God organisasjons- og prosessforståing.

Vi tilbyr
Store høve til å vere med å påvirke og utvikle tenestene. Samarbeid med andre deler av organisasjonen.
Du får vera ein del av ei engasjert og kompetent leiargruppe.
Faglege og personlege utfordringar i eit tverrfagleg og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Sted
Kuhnlevegen, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Helsepersonell

Nøkkelord

leder, assisterande, helse, vernepleiar, helsepersonell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torunn Haugen
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
91 16 64 59
Følg firma
483 følger dette firmaet

Kuhnlevegen, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 109224210
Sist endret 24. nov. 2017 13:28

Rapporter annonse