Utløpt

Økonomidirektør - Konsern

Arbeidsgiver
HMR Group AS
Stillingstittel
Økonomidirektør
Frist
03.09.2017
Ansettelsesform
Fast
Via pålitelegheit, stor konkurranseevne og kontinuerleg utvikling har HMR oppnådd ein marknadsleiande posisjon innan industrimiljøa. Visjonen og målet til konsernet er å auka aktivitetsnivået og volumet dei neste åra.   Som Økonomidirektør - konsern vil du ha det overordna ansvaret for økonomifunksjonen i konsernet. Du vil ha ansvar for finans, forvaltning, lønsemdsutvikling, budsjettering, prognosar, analyse, verdikjedeoptimalisering og styringsdokumentasjon. Vi ser etter ein person som kan implementere felles struktur og rapporteringsrutinar innan økonomi- og fellestenester i konsernet. Du vil få personalansvar for økonomiavdelinga / stab og stor påverkingskraft gjennom deltaking i leiargruppa.   Du har høgare utdanning innan økonomi, helst på Master-nivå, og erfaring innan økonomistyring frå større privat verksemd / konsernstruktur. Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande industri, internasjonal verksemd, samt interesse og kompetanse innan ulike IT-system. Som person er du engasjert og analytisk. Du evner å tenkje strategisk og er forretningsorientert.   I HMR vil du bli del av eit bredt og tverrfagleg miljø. Det er godt samarbeid og dialog mellom selskapa og dei tilsette, og det er eit godt arbeidsmiljø. Stillinga består av spanande og varierte arbeidsoppgåver. Konkurransedyktige vilkår.   Ved spørsmål kontakt ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor: Bjørn Horne (tlf 911 61 390) eller Janne Siri Horne (tlf 907 21 164).   Kortfatta søknad med CV sendes snarast og innan 3. september. Alle spørsmål til våre rådgjevarar vert handsama fortruleg inntil anna er avtala.  

Om arbeidsgiveren

HMR har røter tilbake til 1956 og består i dag av sju selskap. Morselskapet HMR Group AS er lokalisert på Husnes i Kvinnherad, og har følgjande dotterselskap: HMR Husnes og HMR Service Partner (Husnes), HMR Voss (Voss); HMR Hydeq (Årdal); HMR Mikromekanikk (Bergen) og Protech (Sunndalsøra). Selskapa har mekanisk spesialkompetanse på heilskaplege løysingar innan system, produkt, tenester og teknisk rådgjeving til prosess-, energi-, olje og gass og infrastrukturindustri. I 2016 hadde konsernet ei omsetjing på 300 mill. kr. Meir informasjon om HMR finn du på www.hmr.no

Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
PRESTNESVEGEN 68, 5460 Husnes
Bransje
Olje og gass,
Kraft og energi,
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Finans, Forvaltning, Budsjettering, Lønnsomhetsutvikling, Prognoser

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
91 16 13 90
Kontaktperson
Janne Siri Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
90 72 11 64
Følg firma
2337 følger dette firmaet

PRESTNESVEGEN 68, 5460 Husnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 102490763
Sist endret 5. sep. 2017 01:01

Rapporter annonse